– Media gir ungdom dårleg sjølvbilete

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er alle våre eigne PR-agentar. Eg trur i aukande grad at sosiale medium påverkar sjølvbiletet til ungdom, seier Aksel Braanen Sterri, kommentator i Dagbladet, til panelet.

Denne veka la Press fram nominasjonane til årets Gullbarbie, og arrangerte samstundes ein paneldebatt om media si rolle i å påverke sjølvbiletet til unge lesarar.

LES OGSÅ: Her er dei nominerte til årets Gullbarbie

Medie- og reklamebransjen
Susanne Kaluza, tidlegare redaktør for Kvinneguiden, no rådgivar i Trigger, og Elise By Olsen, redaktør for magasinet Recens Paper deltok saman med Sterri. 

KarolinePressPaneldebatt
– Kroppspresset kjem frå ein plass, og vi trur det er frå aktørane i medie- og reklamebransjen, seier Karoline Steen Nylander, leiar i Press. Foto: Press.

Panelet er samde om at det har skjedd viktige endringar dei siste åra, men at det framleis er behov for tydelege retningslinjer for både medie- og reklamebransjen.

Mangfald i betring
Olsen fortel om ei endring i motemiljøet det siste året.

– Det har blitt meir vanleg å nytte eit mangfald av modellar, og eg oppfattar at det er ein trend som snur til det positive no, seier ho.

Sjølv har ho valt å ikkje bruke retusjerte bilete i magasinet, og tek i bruk tydeleg merking av reklameinnhald frå annonsørar.

EliseByOlsenPress
Elise By Olsen er er verdas yngste moteredaktør. Foto: Press

Kaluza var ein av inititativtakarane bak Sunn fornuft-plakaten, eit sett med retningslinjer for å gjere redaktørar, bloggarar og andre merksame på korleis innhaldet deira påverkar kroppsbilete og ideal til unge jenter. Også ho har tru på eit større mangfald i reklame og medium.

– Eg er ein evig optimist, og folk sit ikkje rundt i Noreg og lengtar etter å få dei same kroppane trykt opp i trynet, seier ho.

Ho understrekar at redaktørane må vere bevisste på ansvaret sitt, og ha etiske retningslinjer for korleis dei vel å illustrere, skrive om og promotere innhaldet sitt. Olsen er eining.

– Vi som er redaktørar må ta ansvar for å vise mangfaldet. I Recens Paper har vi gått over til å berre nytte street-casting av modellane. Det er berre å gjere det, seier ho.

– Eit løysbart problem
Sterri understrekar at grensa mellom økonomisk inntening og etisk ansvar kan vere ein vanskeleg balanse.

Han trekk fram dårleg tid for journalistane, dårleg koordinering mellom journalistar og dei som redigerer framsidene, samt mangel på tydelege etiske retningslinjer som nokre av utfordringane for aviser og magasina.

– Det skjer ikkje av vond vilje, men av journalistisk latskap, og det går det an å gjere noko med. Dette er eit løysbart problem, seier Kaluza.

Algoritmar og ansvar
– Vi har alle forburkarmakt, og kan bruke den til å påverke redaksjonar og algoritmane, men er det så lett? spør Press-leiar Nylander.

– Nei, det er ein sjølvforsterkande effekt, der eit klikk på ein artikkel sender eit signal til redaksjonen om at vi er interesserte i den typen innhald, og så får vi meir om det, seier Sterri.

Han trur at overgangen til algoritmestyrte framsider på nettavisene kan bidra til å fjerne nokre av dei unødvendige illustrasjonsbileta som fører til press hos unge lesarar.

GullbarbieNominert2016
Dei tre nominerte til årets Gullbarbie: Bik Bok, Brun og Blid og Nettavisen Side 2 og Side 3. Foto: Gullbarbie.no

– Det er ein vond sirkel, der ungdom vert påverka til å ville ha meir innhald som liknar på det dei allereie vert møtt med, seier Elise By Olsen, som trur redaktørar i staden bør gir lesarane det dei burdeville ha.

– I Kvinneguiden kutta vi alt innhald om slanking til fordel for økonomi, og det vart ein suksess, fortel Kaluza.

Sjølvpromotering
Sterri trekk fram at alle samanliknar seg med kvarandre, så når alle legg ut biletet av sitt finaste sjølv, vert konkurransen berre endå hardare for alle andre.

– Samanlikning er farleg, og eitt av dei viktigaste punkta i Sunn fornuft-plakaten er at ingen bør dele vekt, kaloriinntak, midjemål eller andre konkrete tal med kvarandre. Dersom du må fortelje det til nokon, send heller ein sms til besteveninna di, oppmodar Kaluza.

– Kanskje vi også bør bli flinkare til å dele bra og variert innhald på Facebook og Twitter, seier Sterri.

Les om då kunnskapsministeren fekk ein del av årets Gullbarbie.