Mannen med målet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er nok dei som har vorte målbundne når dei får vete at leiaren i Norsk Målungdom kjem frå Holmenkollen i Oslo.

Karl Peder Mork vart omvendt frå sidemålsmotstandar til målungdom på vidaregåande. Og no er han altså stemma til unge, engasjerte nynorskbrukarar landet over. Han er denne vekas profil i serien Unge eldsjeler – der Framtida.no snakkar med engasjert ungdom om bakgrunnen og draumane deira.

LES OGSÅ: Osloguten som leika seg fram til nynorsken

Sidemål – eller ikkje sidemål?
– Kvifor er Norsk Målungdom sitt arbeid viktig?

– Målungdommen sitt arbeid er viktig fordi me er den største ungdomsorganisasjonen som arbeider for språk. Ungdom sine meiningar er viktig for den politiske utviklinga framover. Sidemålsdebatten, som me arbeider mykje med, påverkar oss – av di det er me som går på skulen no. Då er elevane sine meiningar vel så viktige som pedagogar og politikarar, seier den engasjerte målmannen til Framtida.no på telefon.

– Kva var det første som fekk deg til å bry deg?

– For meg handlar det om eit demokratisk val. Retten til å skrive slik du vil. Fordi nynorsk er i mindretal er det mange som nyttar det som argument for at det ikkje er så viktig, eg meiner det er motsett. Det handlar om retten til å få dei nynorske lærebøkene eller skjema på nynorsk ein har rett på. Så banalt er det. Ein kan ikkje nedprioritere andre sine rettar berre på grunn av eit prosenttal ein har lest ein stad. Skal ein ta vare på nynorsken handlar det ikkje om å synest det er greitt at nokon skriv nynorsk, ein må politisk vise at ein vil det.

LES OGSÅ: Krev framleis 25 prosent nynorsk i NRK

Ser opp til«gamlefar»
– Kven er ditt største førebilete innan feltet du er engasjert i?

– Eg veit ikkje om eg har nokre førebilete. Eg kan jo sitera Ivar Aasen, med: «Liten mann kan gjera stort verk», seier Osloguten, og ved nærare ettertanke er det ein føregangsmann som skil seg ut:

– Det må vel kanskje bli gamlefar sjølv. Det å ha viljen til å faktisk gjere noko, sjølv om ein ikkje har spesielle føresetnadar for det, og bli tatt seriøst. Vilja til å laga eit livsverk og gje det vidare. Det er viktig i politikk at ein ikkje driv med det berre for seg sjølv, men òg andre.

– Kor oppslukt er du i arbeidet for nynorsken på ein skala frå 1 til 10?

– Om ti er best, så seier eg det. Det er den viktigaste politiske saka som opptar meg. I alle andre politiske saker vert det nytta språk for å få fram saka. Skal alle skal bli høyrt er det viktig å leggje til rette for det.

– Kva bruker du resten av energien din på?

– Eg er musikar, så det ver musikk. Klassisk gitar er hovudinstrumentet mitt.

LES OGSÅ: – Ein historisk dag for nynorsken

Draumen om målet
– Kor ofte har du mål-relaterte drauamar om natta?

– Det er kanskje farleg å svare aldri. Eg drøymer ikkje store framtidsvisjonar, men det hender eg drøymer om det som skjer rundt målsaka. Då me fekk nynorsk grunnlov i mai, var eg på Stortinget. Det var ei stor hending og noko ein ikkje gløymer så lett, då hendte det at det dukka opp både før og etter.

– Og i den verkelege verda – kva drøymer du om å oppnå med ditt engasjement?

– At det ikkje skal vere naudsynt å seie til folk at det er greitt å skriva nynorsk, at det berre skal vere greitt. At ein slepp  å bruke mykje tid og energi på det. Litt teit sagt kan ein seie at Målungdommen ikkje eksisterte lenger, fordi det politiske arbeidet er ferdig.

LES OGSÅ: Vil jobbe for fleirspråkleg skilting

Faktaboks

 Unge eldsjeler

I sommar vil Framtida.no løfte fram ungt engasjement, ved å setje fokus på unge som brenn for ei sak. Denne veka fortel leiar i Norsk Målungdom Karl Peder Mork om det han brenn for.

Les om fleire eldsjeler her!