Målungdommen utfordrar Coop

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utfordrar Coop på språk

For få dagar sidan kunngjorde Coop at dei kjøper opp den norske ICA-filialen. Dersom konkurransetilsynet godkjenner kjøpet, vil det bety at 553 butikkar vil måtte skifte ut skilta sine.

– Det er ei flott moglegheit for Coop å kunne tilby skilt på både nynorsk og bokmål, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng, nestleiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil gje heider via #nynorskverksemd

– Viktig å sjå språket
Han vil at me i Noreg skal bli flinkare til å syne fram språkmangfaldet vårt.

– Det finst om lag 600.000 nynorskbrukarar. Det er viktig at me ikkje undervurderer kor viktig det er for språkbrukarar å sjå språket sitt i bruk i offentlegheita. Difor bør kjøpmenn få tilbodet om å kunne skilte på nynorsk, dersom dei ynskjer dei, seier nestleiaren, som nemner Spar og McDonalds, som gode døme på nynorsk i næringslivet.

I desse kjedene får dei lokale eigarane sjølv velje om standardskilta skal vere trykte på nynorsk eller bokmål.

– At slike verksemder går føre og syner at det godt let seg gjere er veldig positivt, og vi vil gi all honnør til desse bedriftene for at dei let kjøpmennene ta språkvalet sjølv, seier Stavseng.

– Når daglegvarebutikkar i nynorskområde berre for høve til å skilte på bokmål, oppstår det ein asymmetri som ingen er tent med, korkje språket, brukarane eller butikkane. No har Coop ein glimrande sjanse til å gjere noko med det, og vi vonar dei nyttar den sjansen, oppmodar Stavseng.

LES OGSÅ: Vil ha nynorsk McDonalds

Coop er positive
Kommunikasjonsdirektør i Coop Norge, Kristin Paus, understrekar ovanfor Framtida.no at Coop no venter på svaret frå konkurransetilsynet, og at det difor et for tidleg å seie noko om kva skilt butikkane eventuelt skal få.

– Det me kan seie er at me i utgangspunktet er positive til at ulike reklameplakatar og liknande vert skrive på nynorsk i område der det er skriftspråket, seier Paus, som fortel at det allereie vert praktisert i deira filialar mellom anna i Sogndal og på Voss.

LES OGSÅ: Satsar på nynorsk i Sogndal