Lundteigen gir Borch delvis rett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit tap for Sp

– Vi må ta valresultatet på alvor. Det er ei tydeleg tilbakemelding frå veljarane. At vi ikkje har vore gode nok på å tenkje nytt, er opplagt, seier Lundteigen til NTB.

Han meiner at utbygging av fibernett til husstandar over heile landet er eit døme på ei god Sp-sak som partiet ikkje har løfta høgt nok. Men Lundteigen deler ikkje Borchs ønskje om å trekkje partiet mot høgre.

– Ho heng fast i ei gammaldags blokktenking, som Senterungdommen forlét da eg var aktiv på 1970-talet. Å ta eit oppgjer med landbruks- og distriktsprofilen er òg feil veg å gå. Eit parti må ha både røter og venger, seier Lundteigen.

Skuffelse
Til liks med andre sentrale partikjelder ser han Sandra Borchs avskjed med rikspolitikken i samanheng med skuffelsen over valresultatet.

– Eg forstår avgjerda hennar som eit uttrykk for at ho er lei seg over eit valresultat som betyr at Irene Longe Nordahl ikkje får fortsetje, og at Ola Borten Moe ikkje tok ein ny periode på Stortinget. Ho har vore nært knytt politisk til begge to, seier Lundteigen.

Sandra Borch stod på andreplassen på Sp-lista frå Troms etter Irene Longe Nordahl, og dei to har lenge stått einannan personleg og politisk nær. Senterpartiet har etter valet ingen representantar frå Troms.

Sandra Borch har ikkje svart på førespurnadene frå NTB, men skildrar skuffelsen sin i ein e-post til sentralstyret og fylkesleiarane i Senterungdommen.

– Senterpartiet var letta og utan behov for sjølvransaking etter at vi fekk stadfesta valresultatet. Fleire sentrale personar i partiet har repetert bodskapen om at det kunne gått verre den siste veka, og tala viser akkurat det, skriv ho.

Overraska alle
Avgjerda til Sandra Borch om å seie nei til attval som leiar av Senterungdommen kom som ei overrasking på partiet. Tjuefemåringen takka seinast i juli ja til å stille.

– Det blir ikkje tenkt nytt, og det blir lagt lokk på det at partiet stadig blir mindre. Av og til undrar eg på om det har vorte viktigare å hamne i posisjon enn å auke oppslutninga, skriv Borch.

Ho har i fleire samanhengar tatt til orde for at Senterpartiet skal lausrive seg frå samarbeidet med SV og Ap og i staden orientere seg mot sentrum og høgre. Dei to åra ho har leidd Senterungdommen, har ungdomspartiet brote lydmuren i media, og Sandra Borch har sjølv vorte eit kjent namn. Noko av forklaringa er feidane med partileiar Liv Signe Navarsete.

– Eit tap
Navarsete ser det som eit tap for Senterpartiet at Sandra Borch forsvinn frå rikspolitikken.

– Ho har vore ein stor ressurs for Senterungdommen og Senterpartiet med si uredde innstilling og sin stå-på-vilje, seier Navarsete, som lover å ta kritikken med seg.

– Eg kan forsikre Senterungdommen om at sentralstyret skal gå grundig inn i den kritikken som no blir retta mot oss, seier ho.

Valforskar Tor Georg Jakobsen ved NTNU i Trondheim meiner avgangen har meir med ungdommeleg idealisme å gjere enn Senterpartiet.

– Ungdomspolitikarar er kanskje litt for idealistiske, og det skal dei jo òg vere. Men ein må akseptere at det ikkje er alt du kan få gjennomslag for, og at du må rette deg etter veljarmassen din, seier Jakobsen, som trekkjer parallellar til Inger Lise Hansen (32), som var 2. nestleiar i Kristeleg Folkeparti frå 2007 til 2011.

– Hansen var heller ikkje heilt i tråd med moderpartiet. KrF og Sp er litt like fordi dei har ein solid grunnstamme av veljarar som alltid vil røyste på dei.