Fryktar at nazibjørnar skal invadera Noreg

Naturvernforbundet fryktar at vaskebjørn skal koma til Noreg og gjera store skadar på økosystemet.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar nazibjørn- invasjon

I år er det 80 sidan Hermann Göring sleppte ut to eksemplar av den nordamerikanske vaskebjørnen i dei tyske skogane. Den tyske stornazisten, luftfartsministeren og riksjegermeisteren ville at jegerane skulle ha noko å skyta på. Utan naturlege fiendar har dei no blitt til kring 500.000 dyr berre i Tyskland. Og dei er i ferd med å spreia seg.

LES OGSÅ: Nazibjørnar plagar landsbygda

Vaskebjørnar er blitt observerte både i Gøteborg og i Danmark. Det uroar Naturvernforbundet.

– Det er eit rovdyr. Dei tek fugleungar, egg, fisk og er nesten altetande. Dei kan forrykkja balansen i naturen veldig brutalt, seier informasjonsrådgivar Christian Børs Lind i Naturvernforbundet til NRK.

LES OGSÅ: Sensasjonelt edderkoppfunn i Noreg

– Det er heilt klart ein art som er veldig sterkt uønskt i norsk natur, seier han vidare.

Lind trur dyret har gode føresetnader for å klara seg i Noreg og viser til at han gjer nettopp det i Nord-Amerika.

Ein død vaskebjørn blei nyleg funnen i Falsterbo i Skåne i Sverige, fortel avisa Expressen.

– Dei riv ut isolasjon på loft for å kunne bu der. Dei lagar så hol i veggene for å få tilgang til mat. Det er ein stor kostnad i Tyskland, seier Skåne fylkeskommunes ekspert på framande artar, Nils Carlsson, til avisa.

LES OGSÅ: Mårhunden kan spreie seg i Noreg

 Vaskebjørnar i full gang med å eta ein hjorteskrott. Foto: Wikipedia

Faktaboks

– Kroppslengda til ein vaksen vaskebjørn er på kring 55 cm og lengda til halen er kring 30 cm.
– Eit kjenneteikn på vaskebjørn er at hjørnetennene er mindre spisse og mindre utvikla enn hos andre, nærståande rovdyr.
– Dei oppheld seg mest i skogområde. Dei klatrar i tre. Han oppheld seg òg i nærleiken av vatn der han fangar fisk. I områda lengst mot nord søv vaskebjørnar vintersøvn.
– Vaskebjørnar blir i blant sett på som skadedyr. Nokre stader har dei vore berykta for tjuveri av hønseegg. Vaskebjørnar har òg vore haldne i fangenskap, og kan bli svært tamme.
– Skinnet deira er ettertrakta, og kan nyttiggjerast på fleire måtar.

Les meir på Wikipedia!