Kvinner ute av toppen i ungdomspartia
Kvinner har hatt ei rad topposisjonar i norsk politikk, men den siste tida er tendensen klar: Mennene er i betydeleg fleirtal i toppen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Få kvinner i ungdomstoppen
Ein gjennomgang Vårt Land har gjort av kjønnsbalansen i norske ungdomsparti, viser at det sit menn i sjefsstolane i alle ungdomsparti med moderparti på Stortinget. Det einaste unntaket er Grøn Ungdom, som har både kvinneleg og mannleg talsperson.
Ifølgje Vårt Land har ungdomspartia til dei to største partia, Unge Høgre og AUF, ikkje hatt ein einaste kvinneleg leiar på høvesvis elleve og ni år.
Avisa skriv dessutan at i ungdomsrørsla til regjeringspartiet Frp, FpU, er seks av sju sentralstyremedlemmer menn.
– Det er viktig at dei som ein gong skal styre og bestemme på våre vegner, representerer dei vi er. Det er absolutt grunn til bekymring om biletet vi ser i ungdomspolitikken i dag vil gjelde storting og regjering om nokre år, seier nestleiar Elisabeth Lier Haugseth hjå Barne- og Likestillingsombodet. (©NPK)
LES OGSÅ: Unge Høgre jublar over yrkesfagsløft