Kvinneleg lyrikkboom på nynorsk
Åtte kvinner har på kort tid gjeve ut diktsamlingar på nynorsk.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lyrikkboom på nynorsk
Halvparten av dei kvinnelege poetane kjem frå den nordlege delen av landet – frå Trondheim og Nord-Noreg, medan to er vestlendingar, fortel Dag og Tid.
Resten av dei åtte kvinnelege diktarane kjem frå Oslo og Gudbrandsdalen. Også spennet i alder er stort. Medan den yngste er 26 år, er den eldste 67.
Dei åtte er: Hanne Aga (Tromsø), Eva Jensen (Tromsø), Ingvild Wenum (Oslo), Tora Seljebø (Trondheim), Maja Anette Flønes Monsen (Mo i Rana), Eli Fossdal Vaage (Stord), Anna Kleiva (Vinstra/Oslo) og Charlotte Riise (Ålesund, busett i Vartdal). (©NPK)