Kvifor skrive nynorsk?

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorsken kjem til å døy, seier du? Det sa i alle fall dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen i 2012. Sjeldan har den fylgjande setninga vore meir passande: « Du veit ikkje kva du snakkar om.» Nynorsken er ikkje liten, og kjem slett ikkje til å døy. Begge dei norske skriftspråka er av dei tohundre største språka i verda, og når me veit at det er omlag 5000 til 7000 språk i verda er ikkje det so verst. Nynorsk er språk du kan få undervising på i frå barnehage til universitet, og staten Noreg har vedteke at både nynorsk og bokmål er offisielle språk i Noreg.

LES OGSÅ: Vil innføra nynorsk for tredjeklassingar i Bergen

Og forresten, kva er nynorsk? Nynorsk er ny norsk, og heiter det den heiter for å skilje dei frå gamal norsk, altso norrønt. So når eg seier at skriftspråket byggjer på dei norske dialektane, er det ikkje slik at nynorsk berre byggjer på dialekter frå vestlandet – som mange hevdar. Det nynorske skriftspråket er tufta på tanken om at alle dialekter er like mykje verde. Dei dialektene som er mest like nynorsk finn me faktisk i Senja. Medan dei i andre land ofte har bygd skriftspråket på talemålet til hovudstadseliten, er det nynorske skriftspråket bygd på ein demokratisk grunntanke: at eit norsk skriftspråk må vere grunna i mangfaldet av norske dialekter, slik at språkbrukarane blir forståtte i både tale og skrift.

Ivar Aasen reiste det nynorske skriftspråket som ein skriftleg samnemnar for dialektene i Noreg. Poenget var ikkje at kvar og ein av oss skulle skrive lydrett slik me snakkar, men å feste eit lettlært og fylgjerett system av det rike dialektmangfaldet til skrift. Dette gjorde Ivar Aasen ved å leite fram på dei samlande draga som fanst – og finst – i dialektene. Slik fekk me eit skriftspråk som ikkje var identisk med kvar einaste dialekt i landet, men eit minneleg kompromiss mellom dei.

Difor er heller ikkje talemålet ditt nokon kvalifikasjon for å skrive nynorsk. For enkelte er valet av skriftspråk eit spørsmål om nærleik til eige talemål, men det kan også vera eit spørsmål om nærleik til alle dialektene, eller eit reint verdispørsmål. Nokre vel nynorsk fordi den er eit demokratisk språk, andre ser på den som eit vern for dei norske dialektane. Sjølv er eg frå ein stad der mange skriv nynorsk fordi det berre er noko dei alltid har gjort. Potensielt finst det like mange grunnar til å skrive nynorsk som det finst nynorskbrukarar. Med omlag 600 000 nynorskbrukarar seier det seg sjølv at det er uråd å nemne alle. Uansett grunn er alle like velkomne, viktige og verdige som nynorskbrukarar, same korleis de snakkar. So kanskje nynorsk er språket for deg?

LES OGSÅ: Nynorsk på kino – midt i Oslogryta!