– Kvifor skal me elevar akseptera det?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kritiske til dårleg personvern

– Me ville ikkje godteke slike personvernsbrot nokon annan stad i samfunnet, kvifor skal me elevar sjå oss nøydd til å akseptere det? spør leiar i Elevorganisasjonen Benjamin Skiaker Myrstad.

LES OGSÅ:  Skeptisk til å lagre elevmapper

– Svik ovanfor elevane
Denne vinteren har Datatilsynet ført tilsyn ved elleve grunnskular, fire vidaregåande skular og fem barnehagar – både kommunale og private. Funna viser at barnehagane og skulane har eit stykke å gå når det kjem til å sikre elevane sitt personvern.

Elevane sin talsorganisasjon er einige i kritikken frå Datatilsynet om sviktande personvern og tryggingsrutinar knytt til sensitiv informasjon om norske elevar. Dei er i likheit med direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, uroa over tryggingshola som kjem fram i rapporten «Personvern i barnehage og skole».

– Det er svært kritikkverdig at det er så store hol i rettstryggleiken til elevane. Det er latterleg at det har teke så lang tid, og ennå ikkje kome nokre betringar på eit felt som skal verne om personleg informasjon, meiner Myrstad, og legg til:

– At skulen, som har som mandat å lære elevar om personvern og tryggleik på internett, skal svikta på noko så essensielt, er eit svik ovanfor elevane og dei føresette.

LES OGSÅ: Gjev blaffen i overvaking på nett

– Kritikkverdig
Direktør i Datatilsynet Bjørn Erik Thon meiner det må lagast rettesnorer for kva for opplysningar som skal følgje barnet gjennom oppveksten. Han stiller spørsmål ved om det vert lagra og flytta for mykje opplysningar frå barnehagen til skulen og vidare oppover i skuleåra.

– Ein del av personvernet er nettopp at ein skal få ein ny start, og at ting ikkje skal hefte ved deg resten av livet, seier Thon til Utdanningsnytt.

Elevorganisasjonen har òg tidlegare stilt spørsmål ved om all informasjonen som vert lagra om elevane er relevant.

Politisk nestleiar Kristoffer Hansen strekar under at det viktigaste er at informasjonen vert lagra trygt. Då er det viktig med gode rutinar og rettesnorer.

På vidaregåande nivå meiner Elevorganisasjonen at fylkeskommunen, som eigar, må ta det heile og fulle ansvaret. Når det kjem til rettesnorer for kommunale skular, vil dei ha staten på banen.

Hansen skjønar godt at den enkelte rektor rundt om på norske barne- og ungdomskular ikkje har ei enkel oppgåve med å orientere seg i all den nye teknologien.

– Her må staten ta ansvar og stille klåre krav. Det er veldig kritikkverdig at dei ikkje har gjort det før, avsluttar Hansen.