Kva skal vi leva av i framtida?

Stig Ove Ølmheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg er i dag ein av verdas rikaste land, men rikdom er ikkje noko som er varig. Verdiar må skapast og forvaltast for å væra ein formue.

Vi kan alle vere takksame for å vere innbyggarar i Noreg, vi er rike på det meste; olje, reint vatn, fossar, vind, frodig landskap, fisk i havet, kunnskap  og ikkje minst eit folkeslag som har jobba hardt gjennom generasjonar.

Noreg har hatt ein fantastisk historie oppover åra, vi har gått frå å vera eit av Europas fattigaste land til å bli eit av verdast rikaste, men gullhistoria endar der viss ikkje vi får auga opp for kva som sakte men sikkert skjer med landet vårt. Vi har fått eit samfunn der vi ikkje ser realisme i kva som driv ein økonomi. Nøkkelordet er vekst og etablering av nye arbeidsplassar utanom offentleg sektor.

Sidan industrialiseringa på tidleg 1900-talet, og fram til i dag har vi nordmenn utnytta og forvalta ressursane vore på ein god og berekraftig måte. Vi bygde ut elvar og fossar, og kraftkrevjande industri blei ein viktig del av samfunnet vårt. Industristadar som Årdal, Høyanger, Odda, Sauda og Sunndalsøra med mange fleire vaks fram i rekordfart. Desse stadane lever forsatt, men fabrikkane som har smelta milliardar inn i statskassen er på retur. Odda kommune hadde 10481 innbyggarar i 1965 og i dag har dei knappe 5000.

Smelteverket gjekk konkurs i 2003, og maskiner og utstyr vart plukka saman og sendt til Kina. Ungdommen flytta frå bygda og dei som var igjen var så ”utryddingstrua” at dei kom på UNESCOs verdsarvliste i 2009. Høyanger Kommune kom i same situasjon der Hydro avvikla deler av aluminiumsindustrien og felgprodusenten Fundo gjekk konkurs. Bygda enda i dvale og gjekk frå å vera ei av dei mest produktive industribygdene i Norden til å bli ein del av historieboka. Høyanger har den siste tida hatt gledeleg nyhende om ny industri som vil etablere seg, som er eit resultat av lang kamp om storkapitalen.

Ein liknande historie som i Odda og Høyanger skjedde i den andre industribygda Årdal, der den statseigde hjørnesteinsbedrifta Hydro såg det meir lønnsamt å produsere i utlandet. Dei valte derfor å ikkje fornye fabrikken og delar vart stengt i 2007. Bygda var i krise og ein frykta liknande tilstandar som i Odda og Høyanger, men til slutt vakna den sitjande raudgrøne regjeringa. I Årdal er det Arbeidarparti-diktatur og heile 77,5 % av stemmene går til AP. Jens Stoltenberg og andre i regjeringskontora vart kalde i trøya og frykta oppstand blant sine veljarar. Regjeringa svara med å gi omstillingsmidlar slik at to nye fabrikkar kunne etablere seg med 200 arbeidsplassar under særdeles gode vilkår. Men likevel har Årdal heile 2000 færre innbyggarar i dag enn for 40 år sida.

Ei anna viktig næring i Noreg gjennom tidene har komme frå ressursane i havet. Fisk er ein levande og fornybar ressurs som vi eksporterer til heile verda. Dei siste 10-åra har Noreg blitt verdas oppdrettsnasjon særleg innan laks. Fersk laks frå norske fjordar kan ein dagleg kjøpa i byar som Paris, New York og Beijing.  Fiskeri næringa gjev Noreg dagleg  eksport inntekter i milliardklassa, og nokon  av dei mest velståande i samfunnet har skapt sine verdiar innan denne næringa.

Vind har for sjøfartsnasjonen Noreg våre ein ubrukt ressurs, men i dei seinare åra har ein sett verdien av naturens pust. I Europa har vindkraft våre ei viktig energi kjelde i generasjonar, men vi her i nord har aldri sett verdien. I dagens samfunn med stigande straumprisar og langsiktig mangel på rein energi er dette ein ubrukt moglegheit. Statoil utviklar vindmøller til havs, norsk ingeniør kunst på sit beste, men motstand møter ein også her.

Eg undrast stadig korleis retning samfunnet vårt har teke, enkelte er motstandarar av å utvikle landet vidare. Dei er imot å legge nye fossar i røyr, dei er imot vindkraft, dei er imot gasskraftverk, dei er imot oppdrettsnæringa og dei er imot ny oljeutvinning i Nord-Noreg. Men kva vil dei leve av i framtida? Alle vil ha ein del av velferdsstaten og ein forventar at samfunnet stiller opp i dei behova ein har i livet. Sjukehus, barnehage, skular, pensjon og anna velferdsgoder forventar ein at staten er med å finansierer. Men hugs staten lever av at privat næringsliv og personar skapar skatteinntekter, som igjen kan fordelast etter behova i Noreg. Utan eit aktivt næringsliv er gullalderen forbi og nasjonen Noreg kan sjå langt etter å vera verdas beste land å bu i.