KRLE-fag kan bryte med menneskerettane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bryte med menneskerettar

– Partia må ha late att auga for bakgrunnen for at namn og prosentfordeling i faget i si tid vart endra: Noreg vart dømt av Den europeiske menneskerettsdomstolen for å innføre eit i praksis obligatorisk KRL-fag som krenkte rettane til ikkje-kristne, heiter det i ein kommentar frå fagsjef Bente Sandvig i Human-Etisk Forbund til avtalen mellom dei fire borgarlege partia.

Der heiter det at RLE-faget slik det er i dag skal endre namn til KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk).

– Kravet om at faget (…) skal innehalde minst 55 prosent kristendom blir igjen innført, står det vidare.

LES OGSÅ: Slik vil Høgre og Frp styra Noreg

Den gongen Noreg vart felt, var kravet minst 50 prosent kristendom, men dette vart droppa då faget endra namn til RLE og kristendommen altså ikkje lenger vart nemnt eksplisitt. Også menneskerettskomiteen i FN felte faget.

Det er kanskje mogleg å justere delar av religionsfaget, men det er veldig lite spelerom, seier førsteamanuensis Vibeke Blaker Strand ved Norsk senter for menneskerettigheter til Bergens Tidende. Ho trur ei endring av faget kan bli vanskeleg for skulane.

– Det er problematisk å balansere dette. Dette dreier seg òg om barnekonvensjonen til FN, som seier at undervisning skal byggje på toleranse og plass for alle uavhengig av religion. Med ein gong du lagar eit fag som i for stor grad favoriserer majoriteten, kan dette bli vanskeleg. (©NPK)

Kva synest du om at dei ikkje-sosialistiske parti no er blitt samde om å ha minst 55 prosent kristendom i KRLE-faget?