Slik vil Høgre og Frp styra Noreg

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På ein pressekonferanse i vandrehallen på Stortinget måndag kveld kunngjorde Høgre-leiaren at dei fire partileiarane har avklart mange av viktigaste politiske spørsmåla.

– Sonderingane har gått føre seg i openheit og med gjensidig respekt. Dette har ført partia ytterlegare saman, sa Solberg.

Venstre og Kristeleg Folkeparti valde å halda seg utanfor regjeringa, men har underteikna ein avtale som mellom gjer at Lofoten, Vesterålen og Senja ikkje blir konsekvensutgreidd for oljeutvinning dei neste fire åra. Det vil heller ikkje bli opna for petroleumsverksemd ved Jan Mayen, Skagerak, Mørefelta og iskanten.

Kuttar i formueskatten – held på handlingsregelen
Dei ikkje-sosialistiske partia er samde om å kutta i formueskatten og arveavgifta. Minstefrådraget på arbeidsinntekt blir heva. Kor mykje er det førebels ikkje avgjort.

Alle partia forpliktar seg på å halda seg til handlingsregelen. Partia forpliktar seg til å bruka ein større del av oljeinntektene til vekstskapande tiltak som kunnskap, samferdsel og vekstfremjande skatteletter.

Partia er også samde om:

• Lærarløft, med blant anna fleire midlar til etter- og vidareutdanning av lærarar.
• Ulike tiltak for å bekjempa fattigdom blant barn.
• Styrking for kollektivtrafikken i storbyane.
• Skattefrådrag for ENØK-tiltak.
• Meir satsing på vegbygging.
• Opptrapping av satsinga på rusomsorg og psykiatri.
• RLE-faget i skulen, får namnet KRLE, med minst 55 prosent kristendomsundervising.
• Alkoholpolitikken ligg fast.
• Fedrekvote på ti veker, med ei tillitsbasert unntaksordning.
• Det blir ikkje innført eit offentleg tilbod om tidleg ultralyd eller eit tilbod om NIPD-blodprøve for alle gravide.
• Avtaleinstituttet for landbruket held fram. Det blir lagt vekt på at reformer skal gi auka lønsemd.

Kor mykje meir pengar ein skal bruka til forskjellige tiltak står det lite om i avtalen. Men avtalen er konkret på at avkortinga av pensjonen for gifte og sambuande pensjonistar blir 10 prosent, og ikkje 15 prosent som i dag.

Det blei i tillegg underteikna ein eigen avtale om utlendingspolitikken. Denne gjev blant anna:

• Amnesti for asylborna.
• Innstramming av asyl- og innvandringspolitikken.
• Lukka mottak for asylsøkjarar som skal sendast heim.
• Meir effektiv sakshandsaming for asylsøkjarar.

Satsar på Stortinget
– Dei 5,6 prosentane som stemte KrF har sanneleg fått valuta for pengane, sa KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Sjølv om KrF og Venstre meiner dei har fått gjennomslag, vel dei å halda seg utanfor regneringa. Partileiarane vil ikkje peika på enkeltsaker som ei årsak til dette.

– Det er heilskapen, sa Hareide på pressekonferansen.

– Me har større tru på å bruka Stortinget som ein plattform for å få mest mogleg gjennomslag. Dette vil også styrkja parlamentarismen, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande.