Krev garanti om lærlingplass

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil garantera lærlingplass

Sosialistisk ungdom er leie av at nær ein tredjedel av alle yrkesfagelevar står utan lærlingplass kvar haust. I går var Hordaland SU på Stord Vidaregåande skule avdeling Vabakkjen og Heiane for å samle in underskrifter til ungdomspartiet sitt forslag om ein fylkeskommunal garanti om lærlingplass for elevar ved yrkesfag.

Til saman samla gjengen inn over 100 underskrifter og var då ein av dei skulane i fylket med flest underskrifter.

– Alt i alt var dette ein svært vellukka kampanje, seier Marie Knutsen Bruntveit i SU på Stord.

Daniel Charles Hextall er nestleiar i Sosialistisk Ungdom i Hordaland. Han fortel at dei har fått inn over 500 underskrifter på fire dagar frå yrkesfagelevar som krev ein rett for å få fullført utdanninga si.

– Etter at SV blei røysta ned i fylkestinget då vi foreslo lærlingplassgaranti har me i Hordaland SU bestemt å engasjera yrkesfagelevane sjølv, seier han.

– Korleis skal ein garanti til lærlingplass bli gjennomført i praksis?

– Ein fylkeskommunal garanti for lærlingar vil ansvarliggjera fylkeskommunen når elevar står utan lærlingplass. Sjølvsagt er ein garanti i seg sjølv ikkje nok, ein må få fleire føretak til å bli opplæringsføretak og krevja at det offentlege tar inn fleire lærlingar, til dømes i helsesektoren, der politikarane sjølv avgjer om dei vil ha lærlingar eller ikkje.

– Garantien må koma saman med ei rekkje politiske tiltak, men ved å skulle garantera lærlingplass for så mange elevar forpliktar fylkeskommunen å gjera noko med det, understrekar Daniel Charles Hextall.

LES OGSÅ: For smart til å gå på yrkesfag?

Unge Høgre: – Ironisk
Sentralt jobbar Sosialistisk Ungdom, AUF og Raud Ungdom for å lovfesta rett til læringplass. Kristian Tonning Riise, leiar i Unge Høgre, seier til Framtida.no at han synest det er litt ironisk å sjå at dei sosialistiske partia enno jobbar for lovfesting av lærlingplass.

– Dette snakka dei om i alle åra det var raudgrøn regjering, og dei fekk ikkje til noko som helst, seier Tonning Riise (bildet).

– Å lovfesta lærlingplassar synst eg er ein forferdeleg dårleg idé. Det vil ikkje skapa ein einaste ekstra lærlingplass. Det me treng er fleire lærlingplassar i føretaka, som gjev lærlingane ein god og relevant utdanning. Det meste effektive verkemiddelet som føretaka sjølv trekkjer fram er auka lærlingtilskot.

Han viser til at lærlingtilskotet stod stille i 2006, 2007, 2008, så kom det ein mellombels auke i 2009, før det stod stille i 2010, 2011, 2012 og 2013.

– Etter at me tok over har lærlingtilskotet auka i både 2014 og 2015, og no har me fått gjennomslag for at det gradvis skal auka med ytterlegare 20.000 kroner per lærling. Det er tiltak som, i motsetnad til AUF og SU sin politikk, vil føra til fleire lærlingplassar og fleire dugelege fagarbeidere, seiar han.

LES OGSÅ: – Slutt å snakk skulen ned!

Faktaboks

Både SU, RU og AUF vil ha lovfesta rett til lærlingplass.
I Hordaland har SU gått inn for at fylkeskommunen skal garantera lærlingplass til alle som går på yrkesfag.
SU vil at det offentlege tar inn minst éin lærling per 500 innbygger og føreslår eit «Respektstipend» på 1000 kroner for dei som vel yrkesfaga som det er mest bruk for.