Krev betre vilkår for asylborna

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag presenterte Institutt for samfunnsforsking ein rapport om uhaldbare levekår for einslege mindreårige asylsøkarar.

– Rapporten kjem med bekymringsmeldingar me har gjeve styresmaktene i fleire år. No håpar me at noko faktisk skjer, seier landsrådsmedlem i Røde Kors Ungdom, Espen André Breivik.

Einslege mindreårige asylsøkarar er born som åleine, utan vaksenpersonar, legg ut på flukt frå heimlanda sine. Fleire kjem til Noreg.

– Desse borna er heilt klart blant dei mest sårbare i samfunnet vårt, likevel får dei ikkje tilstrekkeleg omsorg, oppfølging og aktivitetstilbod av ansvarlege styresmakter, held Espen André Breivik fram.

LES OGSÅ: – Vil løfte fram stemmer som ikkje blir høyrde

Slit psykisk
Rapporten frå Institutt for samfunnsforsking (ISF) viser blant anna at ungdommane i mottaka har utilstrekkeleg omsorg, er lite integrert i lokalmiljøet, slit mykje psykisk og har eit dårleg kosthald. Forskarane påpeikar òg viktigheita av at frivillige organisasjonar, som Røde Kors Ungdom, er tilstades som medmenneske for desse utsette borna og ungdomane.

– Gjennom aktivitetane våre ser me tydeleg at utryggleiken omkring eigen livssituasjon over ei lengre tid har ein svært negativ innverknad på borna si psykiske og fysiske helse. Born får ikkje høve til å vere born, seier Espen André Breivik.

– Ved å vere tilstades og drive aktivitet på asylmottak sørgjer våre frivillige for å gje asylsøkarane ein meir aktiv kvardag. Noko som er med på å fjerne fokuset frå bekymringane og den usikre livssituasjonen barnet eller ungdomen er i, fortel Espen André Breivik.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Noreg får kritikk av FN
I Noreg er det UDI som har ansvaret for einslege asylsøkarar mellom 15 og 18 år, ikkje barnevernet som med andre born i Noreg.

– Dette har FN påpeikt som ein diskriminerande faktor, seier Breivik.

Han viser òg til at Noreg blir kritisert av FN fordi asylsøkande born med mellombels opphald blir sendt ut når dei fyller 18 år. Dette er born som har fått opphald i kraft av å vere under 18 år og ofte fordi ein ikkje kjenner til omsorgspersonar i heimlandet. Dei får vere i Noreg, men berre fram til dei fyller 18, då blir sendt dei ut. 

LES OGSÅ: Fryktar forsvunne asylbarn er utsette for menneskehandel

– Borna dette gjeld må dermed leve i ein utryggleik og frykt medan dei ventar på å bli sendt ut av landet. Dette meiner me er problematisk i høve til beste til barnet-prinsippet og skader barnet i viktige utviklingsår, avsluttar Espen André Breivik

Røde Kors Ungdom krev no at styresmaktene i Noreg overfører ansvaret for alle einslege mindreårige asylsøkarar under 18 år til barnevernet. Røde Kors Ungdom krev òg at born og unge på asylmottak må få eit tilfredsstillande tilbod om sosiale aktivitetar og bli ivaretatt på lik linje med andre born.