Designarspira

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnhild Sundland valde å følgje draumen, men no treng ho ein jobb, og ein fot innanfor.

Framfor meg sit Magnhild Sundland, ei målbevisst jente med bein i nasa. I motsetnad til dei fleste av oss valde ho å realisere barndomsdraumen sin, og i dag er ho utdanna fashiondesignar. Med glimt i auget og eit sjenert smil om munnen fortel ho om livet, lidenskapen og utdanninga si.

Sjølv om det har vore ei krevjande ferd har ho ikkje nokon grunn til å angre. Ved fleire anledningar har ho vist fram kleda sine på moteshow i Miami, i tillegg sel ho kleda sine gjennom bloggen sin, utstillingar og si eiga nettside.

Trivst med fashiondesign
Klokka har nettopp runda tolv og me sit rundt eit bord utanfor Deilig cafe, bar og lounge på Trondheim Torg, ein eim av kaffi og nysteikte bollar ligg i lufta. Magnhild har på seg ei kvit skjorte, og utanpå der ei skinnjakke ho har laga og designa sjølv. Magnhild fortel ivrig om arbeidet bak.

Eg leita lenge etter ei eg kunne kjøpe, men anten var dei kjempedyre og stygge, eller billege og av dårleg kvalitet. Eg bestemde meg til slutt for å lage ei sjølv, seier Sundland nøgd.

Frå vindauget i taket kan me skimte den klåre haustsola, og i eit augneblikks lengsel etter sumaren fortel Magnhild om vegen ho har gått. Etter vidaregåande bestemde ho seg for å studere i USA, men ho forstod etter kvart at det var lettare sagt enn gjort. Ei veke før studiestart i 2008 møtte ho ei uførutsett hindring.

– Eg hadde vore i kontakt med lånekassa to gongar og fått klarert at eg fekk studiestøtte, men ei veke før avreise fekk eg beskjed om at dette ikkje stemde. Eg vart i tvil om eg skulle reise. Det heile enda med at foreldra mine tok opp lån for meg, seier Sundland frustrert.

Lånekassa grunna avslaget med sin praksis der studentar som ynskjer å studere i USA ikkje får støtte det første året, dette på grunn av ei anna bachelorordning enn i Noreg. Magnhild påpeikar at dette gjer det nesten umogleg for Norske studentar å velje USA.

– Det er dumt med ei slik ordning, særleg med tanke på studentar som ynskjer å ta ei utdanning som ikkje finnes i Noreg, seier Sundland oppgitt.

Lys framtid
Magnhild ser mot framtida med opne auger. Ho er glad for å ha vald det ho verkeleg brenn for. Med handa godt plassert rundt glaset med vatn og eit lurt smil om munnen fortel ho om reaksjonar ho har fått på studievalet sitt.

– Eg har mange gonger fått spørsmål av folk om kvifor eg ikkje valde ei «ordentleg» utdanning. Då er eg rask med å svare at utdanninga mi er like ordentleg som alle andre. Eg meiner det er viktig å arbeide med noko ein trives med, det er tross alt dette du skal drive med resten av livet.

Ho veit at den store utfordringa no er å komme seg inn på jobbmarknaden, men den målretta Trondheimsjenta veit kva ho går til. Ho er forberedt på å gjere alt for å få ein fot innanfor døra, noko som kan innebere alt frå gratisjobbing til å jobbe utanlands. Med eit frustrert blikk skildrar ho jobbsituasjonen for nyutdanna fashiondesignarar.

– Det blir som ein vond sirkel. Du får ikkje jobb utan erfaring, og du får ikkje erfaring utan jobb. Du er nøydd å vente til nokon våger å gi deg ein sjanse, seier designarspira.

Målbevisst
Eg og fotografen dreg den talentfulle designarjenta med oss ut, det er tid for å ta eit bilete i den fine novembersola. Ho smiler sjenert og stiller seg opp framfor ein husvegg, tydeleg brydd seier ho til at ho ikkje er særleg fotogen, men me ler det vekk. Magnhild fortel om planane vidare.

– Eg vil først og fremst få meg jobb og erfaring, seinare vil eg kanskje starte min eigen kleskjede, men me får sjå kva tida bringer, seier Sundland drøymande.

Uansett kor vindane fører har i alle fall jenta vist at ho duger. Alt tilseier at ho er på veg opp. No er det berre å vente i spenning.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!