Designar for bygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hege Berge jobbar til dagleg som designar i eit av landets største tekstilkonsern i hovudstaden. Men på fritida er hjartet heime på Rauland der ho denne vinteren sette sitt fyrste design ut i produksjon; Raulandslua. – Eg vil vere med på å setje Rauland og Vinje på kartet, seier designaren.

Med Lognvikvatnet og fjellheimen på Rauland som ramme ligg barndomsheimen til Hege Berge idyllisk til i fjellsida.

– Bare eg har fjell og vatn kring meg så trivst eg, seier den lovande designaren som til dagleg bur i Oslo, men som pendlar heim til Rauland så fort sjansen byr seg.

– Eg er grueleg glad bygda mi. Glad i Rauland og Vinje, smiler ho breitt, før ho innrømmer at ho trivst godt i storbyen også.

Men du har kjærast i byen?

– Nei, ler Hege og held fram, det er kanskje det som er litt rart. Kjærasten min er frå Asker, men jobbar og trivst godt på Rauland. Eg jobbar i Oslo, og trivst svært godt med jobben og kollegaene mine der. Det er ikkje lett det der, smiler ho.

– Men kva tenker du om å busetje deg fast her heime?

– Det freistar og tanken streifar meg stadig, men det er den jobben da, smiler ho.

Arveleg
VTB fylgjer Hege inn i stoga der fjella og Lognvikvatn inspirerar designaren på heimebane.

– Når starta arbeidet med å skape eige design?

– Det er kanskje litt arveleg. Pappa produserar «SaLama» som er pylse av lamakjøt og mamma har designa og strikka Vinje-luer sidan 90-talet, fortel Hege og viser fram mor sin strikkekunst med blåmanngeita som kjenskleg motiv.

– Mamma ynskte at eg skulle ta ei utdanning med formgjeving. Men strikking og sauming er ikkje mi greie. Eg vil designe, men andre må utføre arbeidet, ler Hege.

Etter skulegangen i Rauland blei det idrett og dans, men Hege fann ut at det ikkje var ein lett veg og gå med tanke på arbeid.

– Då fekk eg augo opp for grafisk design, og fullførte to og eit halvt år ved skulen, noko som også resulterte med ei bok, fortel ho.

Bok om lama
Då ho studerte andreåret ved grafisk design på MI i 2002 fekk ho ei oppgåve om å lage ei barnebok med tekst og illustrasjonar.

Hege laga ei bok på nynorsk om lamaen Lars som var inspirert av livet heime på garden i Rauland, og for å vise kva nytte lamaen gjer på garden.

Redaksjonssjefen i Damm Undervisning, Anne Kari Kvamme, var på denne tida på jakt etter ei ny bok i serien Hokus Bokus, som var ein serie på 18 rikt illustrerte opplevingsbøkar for barn som skal lære og lese.

Kvamme fall for illustrasjonane og historia frå Rauland og slik blei oppgåva til Hege utgjeven.

Då skulegangen var ferdig tok Hege steget og starta eige firma.

– Fridesign kalla eg firmaet, og oppdraga skaffa eg via kjentfolk. Eg jobba mykje og fekk nok oppdrag også på bakgrunn av gode referansar frå skulen. Etter eit par år blei eg leigd inn av Varner-gruppa til å lage plakatar for Dressmann. Etter eit halvt år med engasjement frå Varner fekk eg tilbod om fast jobb, fortel ho.

Jobben i Varner, som er eit av landets største tekstilkonsern, har gjeve Hege mange spennande arbeidsoppgåver og jobbreiser til alt frå Hollywood og Las Vegas til Brasil. Ho har også mellom anna designa nettsida til Cubus og Bik Bok og jobbar tett med kleskjeden Urban.

– Arbeidet gjev mykje variasjon og er veldig spennande, seier den kreative og strukturerte jenta som feirar 30-årsdagen sin skjærtorsdag.

Ynskte kvalitet
I det daglege er det arbeid med reklamemateriell for store kleskjedar som opptar Hege, men på fritida jobbar ho også med skapande arbeid.

Hege hadde eit ynskje om å produsere noko som kunne vere med på å setje Rauland og Vinje på kartet. Ho ville ta suvenirar til eit høgare nivå, til eit produkt av kvalitet, og slik blei ideen om Raulandslua fødd.

«Ved foten av Hardangervidda ligg den vene bygdi Rauland, om lag 1.000 meter ivi havet. Bygdi æ ømla fin, og ligg i Noregs beste kulturkommune, Vinje i Telemark. Ikkje rart detta æ plassen å bu og plassen å vera. Kommunen he plass te mange fleire som vil vie meir tid te frisk luft og det naturen kan teby. I tillegg te storslagen natur og mykje turisme, he Rauland au Noregs støste snoskutertettleik.», innleiar Hege nettsida Oeko, der Raulandslua blir presentert med spenstige bilete både frå rettlina på høgfjellets tak og med sauene og lamaene heime på Øygarden.

– Eg ynskjer å få meir design på bygda, folk er ikkje opptekne av å vere så estetiske her. Om eg skulle flytte heim ynskjer eg å vere med på å gjere folk meir bevisste på god design. Folk i byane er innstilt på å betale for design, meiner Hege.

Brei målgruppe
– I utgangspunktet hadde eg lyst til å utvikle kule, fargerike produkt, men eg måtte tenke meir konservativt slik at eg kunne nå ut til ei så brei målgruppe som mogleg. Difor blei Raulandslua laga i grå og blå grunnfarge i fyrste omgang.

Kvar eg luene produsert?

– Eg leita lenge etter den rette produsenten og måtte både finne den kvaliteten eg ynskte på same tid som eg bare skulle produsere eit visst tal luer, fortel Hege.

– Raulandslua er designa i Rauland, men produsert av merinoull og akryl i Sverige. Og produsenten eg nyttar garanterer for at det ikkje er blitt utført mulesing, som eit kirurgisk inngrep der dei fjernar hudstykke rundt sauens haleparti, på dyra ulla er henta frå, seier Hege.

Eigen kolleksjon
Før kolleksjonen blei produsert hadde Hege mange ulike innspel og idear. Etter rundar med kollegaer gjekk ho for lua som illustrerer fjella i Rauland.

– Kvifor blei ditt fyrste produkt ei lue?

– Eg tenkte på det som eit konkret plagg som var lett og kjøpe. Folk byter stadig lue, og det er rett og slett eit nyttig plagg når det er kaldt om vinteren, meiner ho.

Hege tenkte også at ei lue ville vere greitt å produsere.

– Men det viste seg at det var meir komplisert enn eg hadde tenkt, med tanke på snitt, saum og strikk. Val av ull var også noko som var viktig for meg, seier Hege.

– Når passar lua?

– Ho er tenkt som ei langrennslue og laga for den kalde vinteren me har på Rauland. Ho er forsterka med flisstoff som eit panneband inni og målgruppa mi er frå 12 til 70 år, smiler ho.

Hege fortel at ho bestilte inn om lag 200 luer av kvar farge, og at ho har blitt selt på seks ulike stadar i Rauland denne vinteren.

– Eg har 50 luer att, og må vere fornøgd med det. Eg har ikkje blitt rik på nokon måte, men eg går i null på produksjonen. Tilbakemeldingane på produktet har i alle fall vore gode, og det er hyggeleg, seier ho nøgd.

Vidare planar
– Vidare ynskjer eg å lage produkt retta meir mot skate, og snowboard og surfsegmentet, seier ho.

– Har du planar for fleire design du vil setje ut i produksjon?

– Neste vintersesong er eg ganske sikker på at Raulandslua er på plass med kvit som grunnfarge, men eg har mange andre idear også. Kanskje det kjem ein hals, t-skjorter og ander småvarer etter kvart. Me får sjå, smiler ho.

På mac´n viser Hege fram idear om produkt som ein gong kan bli produsert.

– Eg har veldig lyst til å produsere ei lue for heile Vinje også, seier ho og viser eit spennande design som godt truleg vil slå an i marknaden.

Ho er glad for å kunne nytte eigen kunnskap på heimebane og fortel at det var moro å mellom anna få designe logoen til kaffibaren på Rauland, designe produktkatalogen for smykkesmeden Linn Sigrid Bratland frå Edland, utvikle grafiske produkt for «Huldra og eg» – Tone Jorunn Tveito frå Lårdal – og grafisk arbeid for Galleri Straume i Øyfjell.

Ein kosen lama
På Øygarden er det både sau og lama, og Hege gjev uttrykk for at garden og dyra betyr mykje for henne.

– Eg er veldig glad i dyr, naturleg nok sidan eg har vakse opp på gard med sauer og vore mykje saman med dyr. Og nå har me lamaer også, seier Hege og inviterer VTB ut til ein selskapssjuk og svær kjælen flokk med nyfikne langhalsa dyr.

– Det hadde vore moro å produsert noko av lama eller alpakkaull. Men det har eg ikkje hatt høve til enno, seier ho, medan yngste folen i flokken, vesle Frosa født i desember, kjem og vil ha kos og gjerne testar Raulandslua i den skarpe vårvinden.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!