Kom ikkje i mål – tar ein pause
HSH og UiS kom ikkje i mål med fusjonsforhandlingane innan fristen dei hadde sett. No skal dei møta kunnskapsministeren.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgskolen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger har tidlegare vedtatt at ein intensjonsavtale om fusjon.
I ei felles pressemelding fredag ettermiddag melder institusjonane at dei ikkje har klart å samla seg om ein felles fusjonsplattform innan den tidsramma som var sett. Partane tar no ein pause i forhandlingane, og er kalla inn til møte med kunnskapsministeren.
– Me er samde om mykje, men nokre overordna problemstillingar står att, seier rektor Liv Reidun Grimstvedt (HSH) og Marit Boyesen (UiS) i pressemeldinga.
– Me er samde om ikkje å kommentera saka ytterlegare. No vil vi møta kunnskapsministeren saman. Deretter skal me orientera dei respektive styra våre i styremøte 4. juni på HSH og ved UiS 11. juni.
Rektorane legg til at arbeidet med å samordna kritiske system held fram inntil ny informasjon finst.
LES OGSÅ: Høgskular i distrikta har størst auke