Knutpunkt-støtte under lupa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag var kulturminister Thorhild Widvey (H) i Trondheim for å få innspel frå aktuelle aktørar. Kulturministeren skal også ha møte i Bergen, Oslo og Tromsø.

– Vi er opptekne av å vidareutvikle knutepunktordninga, og det kan vere mange måtar å gjere det på. Det kan vere at me held på ordninga, men at andre kriterium blir lagt til grunn. Det kan også vere aktuelt med andre modellar. No vil eg utfordre deltakarane på møta til å gje oss innspel, seier Widvey til NTB.

LES OGSÅ: Ny festival i eit nytt klimaår 

16 festivalar
Kulturministeren har teke initiativ til møterekkja, som er ein del av ein større gjennomgang av knutepunktinstitusjonane som vart sett i gang i 2010. Kvar festival er evaluert. No er det sjølve ordninga som står for tur. Dei 16 festivalane som er med i knutepunktordninga får i dag pengar direkte over statsbudsjettet. 90 millionar kroner er sett av på budsjettet for i år.

– Eg håper å få tilbakemeldingar på korleis vi kan bidra til å heve kvaliteten på kulturtilbodet, vareta heile landet og ikkje minst støtte regionane. Eg er klar over at alle som er knutepunkt gjerne vil vere det, men her er det mange som står og bankar på døra, seier Widvey.

At det blir ei endring i ordninga, verkar klart. Widvey seier det kjem eit svar i budsjettforslaget for 2016.

– Men det kan altså ende med ein litt annan modell enn i dag?

– Det kan ein godt rekne med, absolutt. Men vi har ikkje teke stilling til korleis. Det er difor vi ønskjer innspel, seier kulturministeren.

Blant alternative modellar ho vil ha innspel til, er ei avgrensa prosjektstøtte i nokre år. Meir privat kapital inn i festivalane, slik regjeringa ønskjer i alle delar av kulturlivet, er også viktig, understrekar Widvey.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa 

Langsiktig
Olavsfestdagene i Trondheim er ein av festivalane som nyt godt av knutepunktordninga. Programsjef Jens Storli seier at han synest det er naturleg at ordninga blir evaluert. Men han understrekar at det er viktig at det finst miljø i Noreg som har moglegheit til å setje i verk større prosjekt.

Han får støtte av direktør Hilde Bjørkum i Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, som også er knutepunktfestival.

– Det er heilt fint med evaluering. Det er nyttig og utviklande for alle partar. Det er ikkje viktig at det er nøyaktig same ordning som i dag, men det er viktig at Noreg som nasjon held seg med nokre store, kvalitetsmessig gode festivalar som kan ha internasjonalt gjennomslag. Det er viktig å ha nokre slike fyrtårn, og at dei ligg rundt i heile Noreg, seier Bjørkum til NTB.

Ho understrekar at det er avgjerande med langsiktig satsing.

– Det har vore snakk om ei ordning med rullering. Men då må ein ha eit langtidsperspektiv. Her snakkar vi om organisasjonar som er bygd opp over lang tid, og har høgt kvalifisert personale. Det er difor du får kvalitet. Eg blir uroa dersom ein går bort frå det langsiktige, seier Hilde Bjørkum. (©NPK)

LES OGSÅ: Aktiv på festival 

Faktaboks

Knutepunktordninga

• Etablert i 1995. Omfattar i dag 16 festivalar og festspel. Av desse er 12 innan musikk. I tillegg kjem éin festival kvar for bildekunst, scenekunst, litteratur og kortfilm.

• I 2015 går i alt 90 millionar kroner til knutepunktfestivalar på budsjettet til Kulturdepartementet.

• Med på ordninga er: Festspillene i Bergen, Festspillene i Nord-Norge, Olavsfestdagene i Trondheim, Molde International Jazz Festival, Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Ultima – Oslo Contemporary Music Festival, Festspillene i Elverum, Notodden Blues Festival, Øyafestivalen, Stiftelsen Horisont/Mela, Riddu Riððu Festivala, Norsk Countrytreff, Nordnorsk kunstnersenter/Lofoten internasjonale kunstfestival, Peer Gynt-stevnet, Kortfilmfestivalen i Grimstad og Norsk Litteraturfestival – Sigrid Undset-dagene.

(Kjelde: Kulturdepartementet)