Klimakamp på død og liv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore oppteken av klima og miljø, men eg har aldri vore på barrikadane. Eg har ikkje hatt så store kunnskapar om det, men når eg byrja å lese om det vart eg faktisk ganske skremt, medgjev Lars Mæhle. 

LES OGSÅ: Barnelitteraturprisen til Lars Mæhle

Oljediktaturet Noreg
For fem år starta forfattaren eit omfattande researcharbeid for å skrive ein framtidsthriller der klimaendringane har slått til meir enn det me allereie ser i dag. Det har resultert i den høgaktuelle dystopien «Bouvetøya 2052».

Året er 2052. Hovudpersonen Roland er avhengig av å alltid vere tilkopla Nettet, der har han bokstaveleg talt har alt i handa si. Her ser han meldingar i handflata og kan kople seg til ulovlege delar av Nettet og kjøpe rus i form av dataprogram som stimulerer hjernen.

Klimaendringane har ført til tørke, issmelting, ekstremvêr og epidemiar i store delar av verda. Noreg er framleis avhengige av olja og dannar saman med Skottland og Danmark Oljetriangelet. Føderasjonnen er eit  diktatur der Tryggleikspolitiet slår hardt ned på dei kritiske Klimavoktarane som jobbar for Saka – å avdekkje den grufulle klimasanninga.

BOKMELDING: Slukebok frå Lars Mæhle

Siv Jensens siste dråpe
At eit slikt scenario slår ut trur han ikkje er særleg sannsynleg, men Mæhle vil med boka leika med tanken og samstundes peika på – og åtvara mot – nokre tendensar i vår tid.

– Det er jo krefter i det politiske liv som vil flytte iskanten og Siv Jensen sa seinast måndag at me må tappa olja til siste dråpen, småflirar han.

– Når det er tendensar i samfunnet til å gjere slikt, så kan ein kanskje bruke litt sterke verkemiddel til for å åtvare mot det. 

Forfattaren trur at det einsidige fokuset på klimakvoter og å hjelpe andre land har stått i vegen for eit grønt skifte her heime.

– No når oljeeventyret er i ferd med å verte fasa ut risikerer me å hamne i bakevja for land som Sverige og Tyskland, som er dei to landa som har satsa aller mest på grøn teknologi. No må det grøne skiftet kome skikkeleg for Noreg, og ein må til og med vurdere og setje naturvern til side for CO2-saka, slik at me kanskje må byggje ut meir vindkraft og vatn – men òg med utvikling av teknologi.

Til dette trengst store summar og omprioritering, som forfattaren meiner hastar.

LES OGSÅ: Opnar for å kasta klimaverstingar ut av Oljefondet

Klimafornektarane
Som så mange andre er Lars Mæhle overtydd om at kunnskap er nøkkelen.

Han skulle gjerne sett at den norske debatten dreidde seg meir om korleis gjennomføra det grøne skiftet og  omlegginga, framfor å handla om kor vidt klimaendringane og temperaturauken faktisk er menneskeskapte.

Med eit koppel av samstemte klimaforskarar undrar han seg over ei undersøking frå 2014 der éin av fem nordmenn svara at dei ikkje trudde klimaendringane var menneskeskapte.

– Det er ein million nordmenn. Det er det same som å tru at jorda er flat, når all seriøs forsking tyder på det motsette. FNs klimapanel består av 800 forskarar som baserer seg på 13.000 artiklar, så kor mange bevis må ein ha for at det skal gå gjennom? seier Mæhle, som trur haldningane skuldast fortrenging, uvilje og uvitenheit.

– Ein høyrer jo klaging frå dei klagar på bensinprisar, det er jo dei som ikkje trur at klimaendringane er menneskeskapte. Det er på høgresida i politikken at dei fleste klimafornektarane sit  – til og med høgt oppe i partileiinga.

LES OGSÅ:Siv Jensen tvilar på menneskjeskapte klimaendringar

Kinesisk klima
På den andre sida av kloden og skalaen ligg Kina – i dag kjent som klimaversting, men i «Bovetøya 2052» er stormakta i førarsetet når det kjem til grøn omstilling og teknologi.

– Austen er ganske interessant, fordi det er ein av verstingane med kolkraftverk. Samstundes er det grøne strøymingar og positive tendensar der. Eg ville setje ting litt på hovudet, sidan det heile tida vert snakka om Kina som klimaversting, som slepp ut mest av alle land i verda. Samstundes er dei over ein milliard menneskje og har nettopp hatt ei industrialisering med auking av bilparken og ei velferdsauke som me har hatt før, så kvifor skal ikkje dei få gjere som oss?

Ifølgje kinesiske tal, gjekk faktisk bruken av kol ned i 2014 – for første gong på 14 år.

I «Bouvetøya 2052» er Kina eit mykje friare samfunn enn Noreg og ein eksentrisk kinesisk milliardær står bak eit banebrytande nytt reality-konseptet som er bygd på 2000-talsfenomen som «Dødslekene» og «Robinson».

Fem ungdommar frå fem kontinent skal i tre dagar samarbeide og konkurrere på den norskeigde Bouvetøya i Sørishavet.

Snart 18 år gamle Roland vert som Klimavoktar valt ut til å delta i det som på fleire måtar er eit realityprogram på død og liv. «Energikampen» møter «Hunger Games».

LES OGSÅ:Katniss banar veg for heltinner

Ungdomsbobla
Snart skal forfattaren på ny ut på skuleturné, for å møte lesarane.

– Noko av prosjektet er å auke kunnskapen blant ungdom og få fram kor viktig det er. Eg trur det er stor forskjell i kor stor kunnskapen er og kor djupt engasjementet stikk. Det er opplagt nokon som er engasjert, men eg har snakka mykje med lærarar som seier at det ikkje er noko stort engasjement. Ein av grunnane til det trur eg er at ein er oppi denne bobla med at ein skal presenterer seg sjølv og prestere heile tida, det er eit press om å framstå som dyktig og flink heile tida, meiner Mæhle, som tidlegare har skrive om tema som psykisk helse.

Dette trur han –  i likskap med ein del psykologar – kan føra til at fienden heller vert ein indre enn ein ytre faktor.

Forfattaren ser at det med alle dommedagsprofetiane er ein fare for at folk kan verte apatiske i møte med klimaendringane, og tvile på kva forskjell ein som enkeltmenneskje faktisk kan gjera. Her peikar Mæhle på at det beste er å gjera noko, og minner han om at ein kan stemme – til dømes på Miljøpartiet Dei Grøne.

Fly mindre og ein ny hybridbil er andre tiltak forfattaren sjølv har gjort, men understrekar likevel at han ikkje er «ekstremist».

For det kan vere upopulært å dra opp tema om forbruk og livsstil i lystig lag.

LES OGSÅ:«Shit, dette kjem til å skje»

Skiproblem
Han meiner at me i Noreg må tenkja meir på vår eiga rolle, framfor å berre sjå utover. Samstundes må ein løfte blikket for å forstå konsekvensane.

– Mange i Noreg er mest oppteken av om ein får gå på ski eller ikkje. Det er det store skrekkscenarioet, men det er jo barnemat i forhold til kva som kan kome til å skje med klimaflukt og matmangel om spådommane slår til. Eg las at det allereie i dag er fleire folk på flukt på grunn av klima, enn på grunn av krig og konfliktar. Om 15 millionar menneske flyktar på grunn av at dei har det for dårleg der dei bur, så vert problematikken med om ein får gå på ski mindre viktig i mine auge, seier Mæhle, som trur det kan vere vanskeleg å ta alvoret innover seg når ein ikkje ser problema på nært hald. 

Her heime har me til dømes hatt ein kald sommar, medan det på verdsbasis har vore eit rekordvarmt år så langt.

LES OGSÅ: Ny forsking stadfester varmare klima

Dystre gradestokkar
– Korleis ser du for deg framtida?

– Eg trur jo at det kjem eit grønt skifte, men om det kjem fort nok er eg diverre ikkje sikker på. Alle perspektiv med temperatur og CO2-nivå peikar berre ein veg og det er ikkje tilfeldig, seier Mæhle, som fortel om ei tilsvarande temperaturauke for 150 millionar år sidan som følgje av ein vulkan eller meteor. 

Den gong meiner forskarane at temperaturen steig med 6 grader og at jorda aldri har vore nærare undergongen. Dette er skrekkscenarioet denne gongen og

– Det kjem til å verte varmare, tørke, matmangel og verre ekstremvêr. Gradvis vil det verte motverka av eit grønt skifte, men diverre ikkje fort nok, seier Mæhle som ser for seg at hans eigne born i framtida vil leve i ei varmare verd og eit kaldare samfunn.