Kan få obligatorisk vidaregåande
Socialdemokraterna og Miljöpartiet er einige om å gjere den vidaregåande utdanninga i Sverige obligatorisk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Reformplanen er eit resultat av forhandlingane mellom dei to partia i forkant av regjeringsdanninga til Socialdemokraterna-leiar Stefan Löfven. Høgare lærarlønner og mindre klasser er òg ein del av den planlagde reforma.
– Ein bør ikkje innbille unge at dei kan få arbeid utan vidaregåande utdanning. Dei jobbane finst ikkje lenger, sa Gustav Fridolin frå Miljöpartiet søndag. (©NPK)