– Ingen sentral aksjon mot nynorsk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen aksjon mot nynorsk

I tysdagsutgåva av Hamar Arbeiderblad kom det fram at Stange FrP vil be fylkespartiet slutta seg til ein «kampanje mot nynorsk». Lokallagsleiaren på Stange, Trond Vangen, fortel at «[d]ette er en sak som ungdomsorganisasjonen på landsbasis har flagget høyt, og har en aksjon på gang». Det får leiaren av målungdomen til å steila.

– Det er ei ærleg sak å fremja dårleg og fleirtalsfavoriserande språkpolitikk, til dømes valfritt sidemål. Men å retta ein kampanje mot det nynorske skriftspråket i seg sjølv, er eit grovt og illiberalt åtak på den språklege fridomen i Noreg, seier Vebjørn Sture i ei pressemelding.

NMU-leiaren forlangar at toppleiinga i FpU kjem på bana for å avklare kva som ligg i den omtalte kampanjen.

LES OGSÅ: Regjeringa held på sidemål – droppar mållova

Generalsekretær i Framstegspartiets Ungdom, Espen Teigen, seier til Framtida.no at partiet sentralt ikkje har nokon slik aksjon på gang.

– Det er ikkje slik at me vil nynorsken til livs. Det me kjempar for er frivillig sidemål. Dette gjeld også for dei som har nynorsk som hovudmål, seier han.

– Kva synest de om regjeringserklæringa som vil gjera sidemålsundervisinga meir engasjerande for elevane?

– Me stiller oss bak regjeringa, men vil kjempa for frivillig sidemål, svarar Teigen.

Seinast i 2012 avviste FpU-landsmøtet eit forslag om å avvikla nynorsk og samisk.

Les fleire nyhende om nynorsken her!