Ingen parti er sykkel-parti

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå kva parti som er best på sykkel!

Fylkeskommunane sit med nøkkelen til å få gode og samanhengande sykkelvegar, slik at folk skal velje å bruke sykkel. Det meiner Syklistenes Landsforening. No har foreininga gått gjennom valprogramma til alle stortingspartia for å sjå kva dei vil gjera for å få fleire til å sykla.

– Dei politiske programma viser – med få unntak – at ingen har skjøna at dei har ansvaret for om me skal få betre sykkelvegar i Noreg, seier generalsekretær i Syklistenes Landsforening, Rune Gjøs.

Stort ansvar – liten kunnskap
Fylka har fått ansvaret for 20.000 kilometer veg i løpet av siste valperiode. Det tyder at dei fire neste åra blir vesentlege for om syklistane i Noreg skal få betre tilhøve. Etter forvaltningsreforma som gav fylka meir ansvar, velta òg staten eit investeringsbehov for nye sykkelvegar på om lag 20 milliardar kroner over på fylka.

LES OGSÅ: Sparar millionar på sykkelsatsing

– Nasjonale mål er vedtekne – men skal dei nåast må det følgjast opp både av fylka og kommunane. Dei politiske programma frå fylkespartia viser stort sett ein mangel på forståing. Og utan politikarar som vil prioritera sykkel, så ser det mørkt ut, seier Gjøs i ei pressemelding.

Best og dårlegast
Ingen parti kan utpeikast som det beste sykkelpartiet generelt. Til det er skilnaden for stor mellom fylka. Det er få fylkesprogram som har ei skikkeleg omtale av sykkel som transportmiddel. Det er ein gjennomgåande mangel på forståing og kunnskap om rolla til sykkelen i dei daglege reisene våre, og potensialet som ligg i å få fleire til å sykle. Dei fleste programma omtalar sykkel generelt og konkretiserer i liten grad ambisjonar, mål og tiltak for sykkelpolitikken.

– Gjennomgangen viser at Syklistenes Landsforening har eit stort ansvar for å gje fylkestinga naudsynt sykkelfagleg kunnskap, seier Rune Gjøs.

Høgre er det einaste partiet som får toppkarakteren 6 (Rogaland), og Venstre får karakteren 5 i to fylke (Akershus og Nordland), medan begge parti får karakteren 1 i Hedmark. SV oppnår òg karakteren 5 i éit fylke (Hordaland).

Dette har dei vurdert
SLF har teke utgangspunkt i Nasjonal sykkelstrategi og vurderer programma ut i frå kva dei seier om:

SJEKK RESULTATA FOR KVART FYLKE HER!

– Samanhengande hovudnett for sykkel. Det vil seie planlegging og bygging av eit samanhengande hovednett for sykkel, forsert utbygging av dette nettet og innføring av finansieringsordning for å stimulera bykommunar til auka satsing
– Betre drift og vedlikehald av sykkelvegnettet
– Trafikktryggleik spesifikt for syklistar
– Samspill i trafikken
– Sykkelparkering
– Sykkelturisme

Kva meiner du bør gjerast for å få fleire til å bruka sykkel?

Faktaboks

Fakta om sykkel og sykkelpolitikk:

– Regjeringa har eit mål om at sykkelen skal stå for 8 prosent av alle reiser innan 2019. Det langsiktige målet er 10 prosent.
– Talet på syklar i bruk som dagleg transportmiddel går ned. (5 prosent i 2005, 4 prosent i 2009)
– Investeringsbehovet for sykkelvegane i fylka er på minst 20 milliardar kroner (2007-kroner)
– Investeringsbehovet i kommunane kjem i tillegg.
– Ingen byar og tettstader i Noreg har eit samanhengande sykkelvegnett.
– Syklistane sine eigne undersøkingar viser at syklistar opplever dagens tilrettelegging for syklistar som dårleg.
– Einskilde unntak, som Kristiansand, Tønsberg og Kongsberg, viser at lokal tilrettelegging fører til ein stor auke i talet på syklistar.