– Ikkje sunt å gå på ein slik diett over tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Julie Håndlykken Hauge frå Ulsteinvik stilte for første gang i ei bikinifitnesskonkurranse i fjor vår. Oppladinga til konkurransen var knallhard, med ein diett som byrja allereie i januar månad. I år satsar Julie igjen på å delta, og igjen blir det Oslo Grand Prix ho siktar seg inn mot. Ho legg ikkje skjul på at dette er ein knalltøff konkurranseform, med både fysiske og mentale prøvingar.

– Alle som driv med dette har ulike opplevingar med diettane i månadane før konkurranse. Eg for min del har hatt to ganske så ulike opplevingar. Eg er med i eit team, Team Toppform, med trenarar og støtteapparat som følgjer meg heile vegen. I fjor starta eg ganske seint. Eg fekk ligge ganske høgt, med tanke på kaloriar i maten, men eg blei tidleg sliten.

Kroppen responderte likevel godt, og ho kom i form til Oslo Grand Prix.

LES OGSÅ: Veltrente kvinnekroppar i alle fasongar

– Ei ekstrem boble
Ho gjorde det ganske bra i si vektklasse, +172 centimeter, og enda blant dei 15 beste i konkurransen. Ho deltok også i Sandefjord Open, ein mindre konkurranse. Men så kom det ein liten nedtur, og sidan har Julie tenkt fram og tilbake på om ho ville prøve dette ein gong til.

– Etter ein slik diett er forbrenninga ganske nedkøyrd, så eg la på meg ganske raskt igjen etter konkurransane. Eg fokuserte derimot ikkje så mykje på det, for når ein er i ein slik situasjon som ein er i månadane og vekene før konkurranse, så har ein det tøft.

LES OGSÅ: Bygger seg til topps

– Sjølv om ein har sixpack og føler ein ser bra ut, så er det verkeleg ikkje sunt å gå på ein slik diett over tid. Eg tenkte med meg sjølv at eg aldri skulle gjere dette igjen. Men, så gjekk det ei stund, eg klarte å bygge musklar på ein betre måte enn tidlegare, og bestemte meg for å prøve ein gang til. Denne gangen blei eg sett i gang på ny diett allereie i november, og no har det verkeleg vore knalltøft. Kroppen har ikkje respondert, seier Julie.

Ho har trappa ned mykje på maten, og trenar tre gonger for dagen, som ein siste innspurt for å sjå om ho kan kome i god nok form til å delta i årets Oslo Grand Prix.

– Slik som det er no, er det trening, soving og jobben som personleg trenar som gjeld. Dagane blir einsidige, men skal ein lukkast med eit slik opplegg må ein ofre mykje for ein periode. Ein er i ei ekstrem boble, for å seie det sånn, seier Julie.

LES OGSÅ: Sjenerte Veronica er bodybuilder

Alltid trena mykje
Julie var aktiv innan rytmisk gymnastikk (RG) i 10 år. Etter vidaregåande skule hadde ho lyst til å lære meir om trening, så ho reiste til USA og utdanna seg til personleg trenar. Etter studiet var ho for alvor frelst, og blei veldig oppteken av kropp og helse. Ho flytta til Oslo, der ho byrja i jobb som personleg trenar.

– Eg jobba fulltid i eit halvt år, og gjekk vidare til studiar innan osteopati. Eg har blitt veldig fascinert over kroppen, og kor fantastisk den eigentleg er. Eg byrja sjølv både med crossfit og styrkeløft, men det likte ikkje kroppen min noko særleg. Så kom eg over ein blogg skriven av ei som jobbar som instruktør på senteret der eg jobbar sjølv, som er bodyfitnessutøvar. Ho var dønn ærleg kring kor tøft dette er både fysisk og psykisk. Eg tenkte at dette ville eg prøve sjølv, for å teste meg sjølv fysisk og mentalt.

LES OGSÅ: Trivst under streng disiplin

Satsar igjen
No satsar altså Julie inn mot sitt andre Oslo Grand Prix, den største konkurransearenaen for bikinifitness i Norge. Ein konkurranseform som kom til Norge i 2012, og interessa rundt det har eksplodert.

– Eg gjer ikkje dette fordi eg har lyst på sixpack, eller for å få den ultimate sommarkroppen. Du har to forskjellige kroppar, ein konkurransekropp, og ein vanleg trena kropp etterpå. Det er den mentale biten eg er ute etter å meistre. Eg lærer ufatteleg mykje av dette, som eg også tek med til PT-kundane mine, seier Julie.

For ei veke sidan fekk ho beskjed frå teamet sitt at ho truleg ikkje ville bli klar i år, om  ho ikkje verkeleg stod på den siste tida.

– Eg må vere betre i år. Eg er sta, men kjem beskjeden om at eg ikkje er klar, så må eg tole det også. Eg gir meg uansett ikkje utan kamp, seier ho.

Til hausten er det NM, men ho er ikkje sikker på om det blir i år.

– Om eg ikkje får stille under Oslo Grand Prix no 9. april, så må eg vurdere om eg satsar vidare mot NM i haust, seier Julie Håndlykken Hauge, som flyttar vidare til Ålesund til hausten for vidare studiar.

LES OGSÅ: Trening kan gje syreskadde tenner