Kroppspresset gjeld også menn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Slik kan trente kvinner også sjå ut, sto det på bloggen til  den danske foredragshaldaren, forfattaren og bloggaren Morten Svane. For det fekk han mykje merksemd i slutten av førre veke for å promotera andre kroppsideal enn det me har blitt vande med å sjå i media.

– Fitness og helse har eksplodert dei siste par åra, og eg ser og høyrer frå ange frustrerte unge kvinner som tykkjer det er vanskeleg å tilpassa seg desse ideala, skriv Svane på bloggen sin, når han fortel kva som var bakgrunnen for idéen. Tanken slo han først i 2004, då Dove kom med sin «Real Beauty»-kampanje.

Sjekk blogginnlegget til Morten Svane her!

På kort tid vart bileta spreidd over Internett, og folk jubla over kroppsideala Svane ville visa fram, som ikkje nødvendigvis betyr vaskebrett, blodårer og låg feittprosent.

LES OGSÅ: – Ver deg sjølv

Sjølv om blogginnlegget han skreiv retta seg mot kvinner, trur han også menn blir utsett for mykje kroppspress.

– Eg trur presset for å sjå ut på ein bestemt måte er like høgt for menn som for kvinner, skriv Svane i ein e-post til Framtida.no

– Menn snakkar berre ikkje like mykje om det som kvinner gjer. Men det betyr ikkje at problemet ikkje er der. Det klassiske dømet er vel at me veit at færre menn enn kvinner går til legen når dei er sjuke, legg Svane til.

1_BCL5733 as Smart Object-1

– Eg trur, diverre, at måten me dyrkar kroppen i samfunnet vårt vil gjera at forventingane ein har til kroppen sin vil halda fram med å stiga, seier Morten Svane. Foto: Morten Svane

LES OGSÅ: Instagramutstilling om kroppspress

Svane fortel at han vurdert å laga ein liknande serie for menn.

– Grunnen til at denne vart med kvinner var først og fremst at eg er i kontakt med veldig mange kvinner gjennom bloggen min, Facebook og Instagram. Det er stor overvekt av kvinner som følgjer meg der, og derfor visste eg at eg ville ha moglegheit til å nå ut til mange kvinner i målgruppa gjennom nettverket mitt åleine, fortel Svane.

Han har merka at det har blitt eit større fokus på å akseptera kroppen sin som den er, men likevel fryktar han at kroppspresset vil bli større.

– Eg trur, diverre, at måten me dyrkar kroppen i samfunnet vårt, der det har blitt nærmast obligatorisk å bli sunnare, vil gjera at forventingane ein har til kroppen sin vil halda fram med å stiga.

Svane er oppriktig bekymra for utviklinga, og har allereie sett urovekkande utvikling.

– Veldig unge jenter kontaktar meg og spør om kaloriar. Her om dagen spurde ein 12 år gamal gut på Instagram kor mange kaloriar han burde eta for å gå ned i vekt. Det er skremmande, og seier litt om kva det overdrivne sunnheitsfokuset diverre kan føra med seg, sjølv om det naturlegvis også kan føra til positive ting, seier Svane.

LES OGSÅ: Desse ga mest kroppspress i 2014