Homo-bryllaup ga ikkje opptur for kyrkja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje homoløft for kyrkja

Leiaren i Open folkekyrkje, Gard Realf Sandaker-Nielsen, trur mange som er glade over vedtaket på Kyrkjemøtet, framleis vegrar seg for å melde seg inn igjen.

– Det skal ein del til for å gjere opp for den uretten som er gjort tidlegare. Opplevinga hos homofile og lesbiske og andre som meiner at kyrkja er for trong, kan vere vanskeleg å snu over natta, seier Sandaker-Nielsen, som likevel håpar fleire vil vurdere å melde seg inn igjen.

– Eg håpar jo at vi skal klare å få tilbake nokre av dei som har meldt seg ut tidlegare, fordi dei ser at vi faktisk er ei kyrkje som kan romme alle. No har jo Den norske kyrkja gjort det dei ville at vi skulle gjere, seier han til Dagen.

Tal for april og mai viser at om lag 4.000 personar har meldt seg ut etter avgjerda på Kyrkjemøtet 11. april, mens 209 har meldt seg inn. Talet på utmeldingar for dei to månadane er i snitt dobbelt så høgt som for dei tre første månadane i år. (©NPK)

Her får du litt meir bakgrunn:

Dette vart mange glade for! Kyrkja sa tidlegare i vår ja til homofilt ekteskap

Striden rundt homofilt ekteskap engasjerte mange: Det gjorde at 2015 vart eit rekordår for utmelding frå kyrkja

Her er kanskje ein annan grunn til at folk melder seg ut: I vår kom det også fram at rundt halvparten av medlemmane i den norske kyrkja ikkje er kristne.