Ho blir nynorskpraktikant

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tove Elise Thue Dale (30), oppvaksen i Ørsta og busett i Ålesund, har fått plass i det fjerde praktikantkullet ved Nynorsk avissenter i Førde. Det opplyser senteret i ei pressemelding.

Dale har mastergrad i utviklingsstudiar frå London. Ho har lært seg arabisk i Kairo og teke Midtausten-studiar. I tillegg har ho budd i Dubai, der ho arbeidde som kabinpersonale i Emirates Airlines.

– Kvar einaste dag ser eg historier eg vil fortelje, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og eg drøymer om å drive med undersøkande journalistikk, seier Tove Elise Thue Dale.

LES OGSÅ: – Dialekten får ingen ta frå meg

Fekk statsbudsjett-pengar
Nynorsk avissenter vart nyleg sikra vidare drift etter at budsjettavtalen mellom Høgre, Frp, Venstre og KrF sikra ei løyving på 2,2 millionar kroner.

Senteret vart etablert av avisa Firda i Førde i 2013, som eit nasjonalt prosjekt. Det lærer opp åtte journalistar kvart år, og samarbeider tett med NRK Nynorsk Mediesenter. Dette er personar med ei anna utdanning i botn. Målet er å styrkje dei 59 nynorskavisene i Noreg.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Sjef frå Vartdal
Ivar Myklebust Longvastøl frå Vartdal er dagleg leiar for senteret.

Dei tre andre praktikantane i kull fire er Hallgeir Berge (30) frå Strandebarm i Hardanger, Ingvild Rørtveit Myklebust (21) frå Nedstrand i Tysvær kommune og Åsta Urdal (27) frå Vassenden i Jølster.

LES OGSÅ: Frå Sør-Afrika til journalistfabrikken