Her er det best å studere

Ny nettside samanliknar studiekvaliteten til norske studietilbod.

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studiekvalitet.no blei i dag opna. Tenesta gjer det mogleg å samanlikne ulike studieprogram på norske høgskular og universitet.

På denne sida finn du mellom anna informasjon om kor høg pris arbeidsgjevarar set på studiet, og kor populær utdanninga er.

– Det er fint å sjå kvar det er best å studere. Å halde slik informasjon utilgjengeleg er berre rart, ryktet om dårlege skular spreier seg raskt uansett, seier Aude Lerois, student som skal til å velje seg juss-utdanning, til Framtida.

Juss-studiet i Tromsø toppar lista over samla vurdert studiekvalitet i Noreg, med 4,79 av 5 moglege poeng.

LES OGSÅ: Drikk mest, studerer minst

Siviløkonomstudia ved Høgskolen i Bodø og ved Handelshøgskolen kjem på dei neste plassane.

Industri og teknologileiing ved NTNU gjev høgast snittinntekt, med eit bruttoløn på 36.760 kroner i månaden.

Meir opplyste studieval
– Det er viktig at studentar i ein kunnskapsnasjon som Noreg blir sett i stand til å gjere kvalifiserte studieval. Det er også viktig at arbeidslivet får auka kunnskap om kvaliteten på uteksaminerte studentar. Formålet med nettportalen er å bidra til meir opplyste utdanningsval, sier Cecilie Brein, prosjektleiar i studiekvalitet.no, til Universitas.

LES OGSÅ: Ønskjer lærarar med master

Studiekvalitet er meint som eit verkty for å samanlikne kva som er bra med ulike studieprogram. På nettsida kan dei som søkar høgare utdanning få informasjon om ulike utdanningar i Noreg. Brukarane av portalen kan enkelt samanlikne ulike studieprogram og sjå kva som kjenneteiknar dei tilboda som blir gjeve på dei ulike lærestadane.

Portalen vil òg gjere dei beste studietilboda meir synlege, uavhengig av lærestaden sitt omdømme og status.

Les òg: Høgare utdanning heng etter

Informasjonen eksisterer allereie
– Vi brukar berre informasjon som allereie eksisterer. Studiekvalitet.no er ein kvalitetsportal som skal gjere det lettare for studenter å orientere seg i mylderet av utdanningstilbud, seier Eirik Løkke, rådgjevar hjå Civita,til Universitas.

– Vi merkar at dei store medlemsbedriftene hjå oss er selektive når det gjeld kva institusjonar dei ønskjer å rekruttere frå, truleg fordi dei veit at det er store skilnader på kvalitet i utdanning, seier Are Turmo, kompetansedirektør hjå Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), til Universitas.

Les òg: Den store utdaningsbløffen

Kritisk professor
Ifølgje Knut Kjeldstadli, historieprofessor ved UiO, er eit viktig mål for høgare utdanningsinstitusjonar å levere kunnskap som kan bidra til å handtere og endre verda, og ikkje så mykje kva arbeidsgjevarar finn for godt.

– Vi skal òg spørje: «Blir folk meir tankefulle og reflekterte som personar av desse studia?», seier han til Universitas.

Sjå alle resultata på Studiekvalitet.no!
Sida har til tider vore nede på grunn av stor trafikk.

Gå til temasidene våre for høgare utdanning!

Faktaboks

Hovudgrunnlaget for Studiekvalitet er ei undersøking som Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) har gjort av kandidatar med høgare grads eksamen eit halvt år etter at dei vart uteksaminert frå lærestaden sin.

Tekna, NHO, Nordea, Abelia, NCE Systems Engineering Kongsberg, Telenor, Microsoft, Aftenposten og Civita lanserar Noregs første og einaste nettbaserte kvalitetsportal for høgare utdanning. Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Teknastudentene har bidrege som representantar for Studiekvalitet.no si primærmålgruppe.