Har fått kreft – trekkjer seg frå valkampen

Nestleiaren i SV og ordførkandidat Oddny Miljeteig er sjukemeldt.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har fått kreft

Partileiar Audun Lysbakken kalla inn til pressekonferanse på rådhuset i Bergen i dag. Der fortalde han at Oddny Miljeteig har fått brystkreft og no er til cellegiftbehandling.

– Me kjem til sakne Oddny veldig i valkampen. Ho er ein fantastisk inspirasjon for oss alle saman, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NRK.

– Eg kjem tilbake, og eg oppfordrar alle SV-arar i heile landet til å ta ei ekstra valkampøkt for meg! seier Miljeteig i ei pressemelding.

Andrekandidat for Bergen SV, Mikkel Grüner tar over som frontfigur for valkampen til SV i Bergen.

LES OGSÅ: Nynorsk is a better language