Halvparten trur på global oppvarming

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stor skepsis både i Noreg og USA

Nesten halvparten (48%) av republikanarar i USA meiner no at det finst solide bevis for global oppvarming, ifølgje ei ny undersøkjing gjort av PEW research center. Det er ein auke frå 35% i 2009. Ein vesentleg større del av demokratane, 85%, meiner det same.

Like skeptiske i Noreg
Resultatet plasserer republikanarane i USA på linje med nordmenn flest, for ifølgje eit brev frå Cicero og Bjerknes senter for klimaforskning, som gjekk ut til alle rektorane ved landets vidaregåande skular tidlegare i haust, kjem det fram at «Knapt 50 prosent av den norske befolkninga er overbeviste om at menneska er med på å påverke klimaet».

Det same talet gjer seg gjeldande for norsk ungdom: Ifølgje ei TNSGallup-undersøkjing frå tidlegare i år, trur også om lag halvparten av ungdom her til lands ikkje på FNs klimapanel når dei hevdar at klimaendringane er menneskeskapte.  

LES MEIR:Unge trur ikkje på FN-klimapanel

Trur ikkje forskarane er samde
Fleire individuelle granskingar har kome fram til at ein stad mellom 80 – 97% av alle aktive forskarar på verdsbasis meiner at naturlege faktorar berre kan forklare ein mindre del (mindre enn 50%) av den globale oppvarminga dei siste femti åra, ifølgje Cicero og Bjerknes senter for klimaforsking.

PEW-undersøkjinga i USA viser likevel at opinionen er skeptiske til korvidt forskarar er samde om global oppvarming er menneskeskapt. 45% av amerikanarane har inntrykk av at av forskarar flest er på bølgjelengd, medan 43% meiner forskarane ikkje er samde i det heile tatt.

Les også:Vindmøller kan dekkje heile verdas energibehov

Her skil demokratar og republikanarar lag: Berre 30% av republikanarar trur forskarar er samde om klimaspørsmålet, medan 58% av demokratane trur det same.

Tala viser at berre 19% av republikanarar meiner global oppvarming er eit veldig alvorleg problem, mot 56% av demokratane.

LES OGSÅ: – Åtte tapte år for klimaet

Eit verdispørsmål i USA, men ikkje i Europa?
Ei anna amerikansk undersøkjing  kan kanskje bidra til å kaste lys om grunnane til resultatet. Forskarar fann ut at når respondentane sitt vitskapelege kunnskapsnivå auka, så bidrog ikkje det til auka uro over global oppvarming. Tvert om: Kulturelle verdiar hadde større påverknad på meiningar om global oppvarming enn utdanningsnivå, ifølgje nature.com.

I Europa forheld det seg litt annleis: Her opplever personar med høg utdanning klimatrugsmålet som alvorlegare enn dei med mindre utdanning, ifølgje Europabarometeret frå 2009.

Prøv deg på den store klimaquizen vår!