Guro har filma klassen til Rebekka og Morten i ni år

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur filmen vil føra til endring i skulen

– Kva veit eigentleg foreldre om kva som føregår i den norske skulen? Kva veit me eigentleg om kven ungane våre blir når dei går ut døra? Kva er det som gjer at dei endrar seg, eller ikkje gjer det? spør dokumentarfilmskapar Guro Saniola Bjerk.

Eitt ekstremt langt og omfattande dokumentarfilmprosjekt er inne i siste fase. I ni år har Saniola Bjerk følgt ein skuleklasse på Seida skole i Tana kommune.  

Ved å filma kring fire veker i året har ho fått med seg kvardagen, men òg viktige anledningar som første skuledag, utdeling av refleksvest, eksamenar og konfirmasjonsundervisning.

Ho håpar filmen, som truleg vert ferdig i 2018, vil reisa viktige spørsmål og føra til debatt og endring i det norske skulesystemet.

DEBATT: – Eg kan juksa på eksamen sjølv om eg sit i rullestol 

Kreativitet i skulen
Det heile byrja med ein idé om å undervisa i film afor dei aller minste elevane.

Gjennom prosjektbasert filmundervisning i ungdomsskulen hadde Saniola Bjerk nemleg merka seg at jo eldre elevane vart, jo mindre kreative var dei.

– Dei er så vane med å få heilt konkrete oppgåver. Skriv ein stil om sommarferien din, eller skriv ein stil om det politiske skiftet. Det er veldig lite fokus på kreativitet i skulen.

Ho søkte difor ei rekkje skular om å få lov å undervise i film for førsteklasse, og fekk positiv respons frå sin nærskule.

Elevane på Seida skole har difor fått mykje erfaring både framfor og bak kamera. I 2012 vann dei publikumsprisen under Amandusfestivalen med filmen Noen gang, ein kortdokumentar om klassekameraten Lars Arthur.

LES OGSÅ: Forfattar Sally Gardner lærte å lesa som 14-åring 

Elev med kamera
Hovudprosjektet for Guro var likevel å filma elevane gjennom ti år for å finna ut korleis den norske skulen er – på godt og vondt.

– Eg likar å sjå på meg sjølv som ein av elevane som har observert undervisninga. Ein som med kameraet ser lærarane og elevane frå ein elev sin ståstad. 

Til hausten skal klassen i gang med sitt tiande og siste år i den norske grunnskulen. Det vert eit annleis skuleår, sidan elevane skal flytta til ein splitter ny og større skule der dei vil få fleire klassekameratar. 

Til no har elevtalet halde seg stabilt på kring 12 elevar.

– Skulen er i endring, klassen er i endring og systemet er i endring. Alt er i endring, og du sjølv endrar deg jo òg mykje på ti år. Eg har fått verdifulle oppvekstglimt, intrigar, kjærleik og drama. Det er heilt unikt og fantastisk vakkert, seier filmskaparen som til hausten vil byrja på den vanskelege klippejobben.

Nyleg fekk ho og produsent Håvard Gossé Bergseth i Spætt film 350.000 i produksjonsstøtte frå Nordnorsk filmsenter.

LES OGSÅ: På fire år er over 200 norske skular nedlagt. Forskarar meiner det er kortsiktig tenking 

 
Mykje har endra seg dei siste ni åra. Her er klassen samla på første skuledag i 2007. Foto: Guro Saniola Bjerk

Søkte skuleplass som 5-åring
Filmskaparen fortel at ho sjølv har opplevd ein del «manglar og ting den norske einingsskulen kan bli betre på».

Hennar eiga skulehistorie byrja allereie som 5-åring. Då hadde ho allereie kunna lesa i eitt par år og søkte rektor om å få begynna på skulen før tida.

– Då eg begynte på skulen fekk me utdelt ei mattebok første dagen. Eg tok ho med meg heim og løyste alle oppgåvene. Dagen etter pakka eg ho inn med sløyfe og tok ho med attende til læraren, som ikkje hadde moglegheit til å følgja meg opp. Eg byrja å keia meg nesten frå første skuledag. Eg vart umotivert fordi eg kunne alt og såg at det ikkje var nokon fordel at eg hadde vore flink og lært meg alt før eg byrja på skulen.

LES OGSÅ: Kunnskapsministeren vil gjera det lettare for ungdomsskuleelevar å ta fag på vidaregåande

30 år – same historia
Etter at ho vart ferdigutdanna som journalist og dokumentarfilmskapar har Saniola Bjerk mellom anna reist rundt på skular i Nord-Noreg med Den kulturelle skulesekken.

– Framleis – 30 år seinare – er det elevar som ikkje vert stimulert til å gå vidare. Dei har kapasitet og evner, men risikerer å bli uromoment og problemelevar, nettopp fordi dei er kome mykje lenger og keiar seg.

I ein av elevane som på noverande tidspunkt ser ut til å verte ein av hovudpersonane i filmen, ser ho mykje av seg sjølv.

Ho trur kvardagen som kjem fram i filmen er representativ for dei fleste norske skular, men ser for seg at det er litt forskjell på by- og bygdeskular.

LES OGSÅ: Den stille skulereforma 

 
Klippar Anders Teigen skal bryna seg på fleire hundre timars råmateriale. Foto: Guro Saniola Bjerk

Vanskelege val
Filmskaparen håpar filmen vil bli vist og diskutert på skular gjennom Den kulturelle skulesekken, i tillegg til at han kan gje viktig innsikt til dei vaksne.

– Eg håpar folk kan kjenne seg att i – og sjå tilbake på – skulen, oppveksten, miljøet og intrigane. Kor glad ein var for å vere ferdig og korleis ein såg fram til korleis livet skulle bli. Det er mange val å ta og kanskje har me ikkje nok forståing for barn og unge, som kanskje ikkje er modne nok til ta desse vala, som er så viktige for resten av livet.

Premierefest i nord
Draumen er å verte ferdig med redigeringa og få noregspremiere anten på TIFF (Tromsø internasjonale filmfestival) i januar, eller Nordkapp filmfestival i september same år. Eventuelt ein internasjonal premiere på ein utanlandsk festival.

– Eg har snakka med elevane og sagt att: «No er det berre eitt år igjen, som eg skal pine dykk med kameraet», for det er jo ikkje alltid like populært, seier Saniola Bjerk, som no har byrja å førebu ungdommane på premierefest.

Les meir:

Då Kari Anne Moe skulle promotera Pøbler søkte ho etter folk med ADHD, sinneproblem eller dysleksi 


Seida skole i Tana kommune vert nedlagt i 2016, slik at elevane skal gå siste året sitt på ein ny og større skule. Foto: Guro Saniola Bjerk