Fryktar rasering av landbruket utan ostetoll

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar rasering av landbruket

– Dersom me skal ha mjølkeproduksjon her i landet, er me avhengige av stabil tilførsel av mjølk, seier Tore Sigurd Fitjar.
Mjølkebonden, som også er styremedlem i Fitjar Bondelag, meiner den nye regjeringa langt på veg legg opp til ei rasering av det norske landbruket, når dei no jobbar for å fjerna den såkalla ostetollen.

Pressar prisane
1. januar blei det innført ei ny form for toll på importert ost til Noreg, for å beskytta den norske mjølkeproduksjonen. Det fall i dårleg jord i EU, og Solberg-regjeringa har varsla at dei ønskjer å kvitta seg med den nye tollordninga.

Les også: Ber om same støtta som industrien får

Fitjar fryktar at dette kan pressa prisane på mjølk, slik at det ikkje blir leveleg å driva som mjølkebonde på bygda.

– Veldig mykje av mjølka me leverer går til osteproduksjon. Om me ikkje får levert eit slikt volum med mjølk til osteproduksjon lenger, vil det gå ut over arbeidsplassar, både i landbruket og i næringsmiddelindustrien, seier Fitjar.

Pizzaost
Det er ikkje dei eksotiske ostetypane med sterk lukt som for dei norske bøndene til å rynka på nasen, slik mange gjerne trur. Både Roquefort og Brie er velkomne i butikkhyllene, om me skal tru bøndene. Det er den såkalla industriosten dei ikkje ønskjer konkurranse om.

– Nesten halvparten av mjølka me produserer her i landet går til osteproduksjon, for å laga ostar som Norvegia og Jarlsberg. Om det blir opna for fri import av denne typen ost vil det kunna skvisa ut dei norske ostane, fordi det blir billigare å bruka importert ost for dei som til dømes produserer pizza, seier Frøydis Haugen, leiar i Hordaland Bondelag.

– Kor alvorleg er dette for landbruket?

– Det er ein reell fare for heile bransjen, inkludert næringsmiddelindustrien. Ein risikerer mykje når regjeringa går så hardt ut mot ei så stor næring. Me driv ein biologisk produksjon, og det er ikkje berre til å skru av og på det me driv med. Om ein først mister mykje på landbruksfronten, er det vekke for godt, seier Haugen.

LES OGSÅ:EU er i mot norsk ostetoll

Lik betaling
Med leveringa av mjølk til osteproduksjon følgjer også ei utjamningsordning, som gjer at bøndene får likt betalt uavhengig av om mjølka blir selt som søtmjølk eller endar opp som ost. Utan denne ordninga trur Haugen det vil vera vanskeleg å driva som mjølkebonde, bortsett frå for nokre få store bønder rundt byane.

For Tore Sigurd Fitjar er reknestykket ganske enkelt.

– Får me ikkje levera mjølk til osteproduksjon er det enkelt og greitt ikkje økonomi til å driva med mjølkeproduksjon. Me bur i eit høgkostland. Hadde me hatt lågare kostnader kunne me også produsert billigare mjølk, men det er ingen som jobbar for femtilappen lenger, seier Fitjar.

Han får støtte av sjefen for Q-meieriene, Bent Myrdahl.

– Me er avhengige av ein robust primærproduksjon, sjølv om Noreg er eit høgkostland. Tollvern er naudsynt her, som i alle andre land, og marknadsordningane for mjølk heng saman, og er eit ganske skjørt korthus. Fjernar du eitt kort, kan fort heile huset rasa, seier Myrdahl.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Politisk næring
– Det er ikkje vanskeleg å sjå at me frå naturen si side ikkje har dei beste vilkåra i dette landet for å produsera mat. Skal det vera matproduksjon i noko omfang må det vera gjennomregulert. Difor er landbruket i Noreg ei politisk næring, seier Harald Rydland.
Som KrF-politikar, mjølkebonde og tidlegare Sp-politikar kjenner han problemstillingane til landbruket frå fleire kantar. At hans eige parti er med og støttar ei regjering som har varsla at dei vil fjerna ostetollen, likar han dårleg.

Vil kjempa
– Landbruket er ikkje ei særleg lønsam næring i utgangspunktet. Ei slik endring vil gjera det endå mindre attraktivt. Då blir det vanskeleg å rekruttera unge til yrket, seier Rydland.
Han viser til at dei borgarlege partia sin samarbeidsavtale ikkje seier noko om ostetollen direkte, men at landbruket skal ha føreseielege vilkår.

– Dette som skjer no er ikkje i tråd med det, og om det er denne vegen det går vil eg engasjera meg i partiet for å prøva å setja ein stoppar for det, seier Rydland.

Les saka i Sunnhordland!