Fryktar ikkje nynorsk-politiet

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkjer at blogging kan vera noko ein vil sjølv og noko anna enn skuleskriving, seier Merete Bratsberg Aae.

I vår starta ho Brusegjengen, der ungdomskuleelevar frå Averøya på Nordmøre bloggar på nynorsk. Prosjektet koplar kreativ skriving og den nynorsk kulturarven. Brusegjengen har samlingar, der dei utvekslar idear og skriv i lag.

– Blogg er eit flott medium, der ein får vera sin eigen redaktør. Og så gjev det eit fint høve til å dokumentere og formidle det ein er oppteken av, fortel Bratsberg Aae.

LES OGSÅ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Nynorsk-politiet
Brusegjengen er i dag sju bloggande ungdommar. Men fleire er interesserte, og vert med etter sumarferien. Utgangspunktet var ei eksisterande gruppe ungdommar, som allereie var interesssert i kreativ skriving. Og det meiner Bratsberg Aae kan vera eit viktig element for at prosjektet skal lukkast.

– Vi er jo ein arena for for å prøve seg og for å øve. Det avgjerande er at vi brukar språket. Sjølv om det kan vera ”nynorsk-politiet” meiner språkføringa er for lite konservativ, er ikkje det noko vi bryr oss om, fortel ho.

For det har kome eit par kommentarar frå det ho kallar ”nynorsk-politiet”, ein slektning av det meir kjende ”bunad-poltiet”. Samstundes har prosjektet og fått positiv merksemd, med avisoppslag og stadig fleire følgjarar.

Ein annan måte
– Eg trur nynorsken kan verke fjern frå kvardagen for mange. At den verkar som eit språk for gammaldagse dikt og sidemål i skulen, seier Bratsberg Aae.

Sjølv hadde ho heller ikkje noko nært forhold til nynorsk i utgangspunktet, som byjente frå Skien. Men med studiar ved Høgskulen i Bø og studietur til Vinje, vart ting brått annleis:

– Møtet med Vinjestova og garden der Tarjei Vesaas vaks opp gjorde eit sterkt inntrykk. Og etter tida i Bø, såg eg nynorsken på ein heilt annan måte.

Med Brusegjengen trur ho andre kan få eit positivt møte med språket. I tilegg skal prosjektet skape blest, liv og røre, om mellom anna språk og dialekt.

LES OGSÅ: Hett på nett

I Brusegjengen
Eit av medlemmane i Brusegjengen er Johanne Klakegg, som bloggar om det som skjer rundt henne. Skriveglede og oppmodingar frå mor fekk henne til å verte med i prosjektet.  

– Eg likar jo å skrive og målet er nok å skrive ein roman i løpet av livet. Med et er vanskeleg og eg må stadig starte på nytt, seier Klakegg. Som set stor pris på Brusegjengen, både som fellesskap og læringsarena.

Hugleik
Sjølv om Johanne Klakegg ikkje har hatt nynorskundervisning så lenge på skulen og brukar ordboka jamt, har ho vorte flinkare av å blogge.

– Eg har nok fått eit meir positivt forhold til språket òg, for det er jo faktisk veldig likt dialekten vår, fortel Klakegg, som innrømmer at ho ikkje har vore spesielt glad i nynorsken før.

– Det føles jo litt bortkasta med sidemål i skulen, for vi forstår jo nynorsk uansett. Men eg forstår jo at vi har det, for elles ville kanskje nynorsken døy ut, held Klakegg fram.

Sjølv med eit blanda forhold til nynorsken, kjem det nye blogginnlegg i sumar og favorittordet er på plass:

– Hugleik er min nynorskfavoritt. Sjølv om eg ikkje brukar det i eigen skriving, er det så fint, avsluttar Johanne Klakeggg.