– Frivillige blir kvelt av byråkrati

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa held ikkje sine eigne løfter om meir samordning og mindre byråkrati i støtta til dei frivillige organisasjonane, seier Bjarne Dæhli, leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU)g la han fram rapporten ”Sårbar frivillighet”.

Rapporten viser at manglande samordning mellom ulike offentlege etatar gjer at lokallag over heile landet bruker mykje unødvendig tid på å fylla ut skjema, og barne- og ungdomsorganisasjonane har kome dårlegare ut enn andre frivillige organisasjonar.

Går ut over aktiviteten
– Det sit mange høvdingar rundt og lagar system som dei meiner er gode, men som samla blir ein mengde å forhalda seg til, seier Dæhli til Framtida.no.

Han fortel at byråkratiet går ut over aktiviteten, og er med på å gjera at folk ikkje tek på seg verv.

Generalsektretær i Frivillighet Norge, Birgitte Brekke, kommenterer rapporten slik:

– Me har ikkje fått det me er lova. Det må vera kort veg frå tanken ein har, til høvet ein har for å handla, seier ho.

Til Stortinget
Fleire politikarar blei måndag inviterte av LNU til å seia meininga si om rapporten:

Linda Cathrine Hofstad Helleland (H) lovar å ta saka til Stortinget:

– Mange av forslaga i rapporten vil eg kopiera og ta med til Stortinget. Eg forventar at Stortinget vil gje ein ganske klar beskjed til dei folka i departementa som sit som bremseklossar for å forenkla rapporteringa for frivillige organisasjonar.  

Truls Wickholm (Ap) forsvara regjeringa på denne måten:

– Eg synst det er bra at me har fått på plass frivilligregisteret. Eg skjønar at det ikkje alltid er letta å fylla ut skjema, og ein må prøva å få på plass meir forenkling. Slik kan ein få bruka mesteparten av tida på frivilligarbeid. Samstundes meiner eg det er bra å ha kontroll òg.

 

Er du engasjert i eit lokalt lag eller ein organisasjon? Kva trur du kunne hjelpt dykk i arbeidet dykkar?