7 millionar til ungdomsorganisasjonar: – Veldig takksame

Regjeringa vil gi ei auke på 7 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Dette er veldig gode nyheiter! seier styreleiar Jakob Øvensen Aanderaa i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), i ei pressemelding.

I sitt forslag til statsbudsjett har regjeringa gått inn for å auke grunnstønaden til barne- og ungdomsorganisasjonar med 7 millionar kroner. Den totale løyvinga i 2027 blir då på 211,4 millionar kroner.

Denne nyheita får LNU til å juble. Organisasjonen understrekar at ekstra pengar vil gi større rom til å skape aktivitet og fellesskap for born og unge.

I ei pressemelding frå Barne- og familiedepartementet står det at frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar har ein sentral plass i arbeidet for å sikre gode oppvekstvilkår for born og unge. Regjeringa gir tilskot til organisasjonane gjennom grunnstønad, og driftstilskot via paraplyorganisasjonane LNU, Unge funksjonshemmede og Ungdom og Fritid.

Fleire medlemmer

Norske barne- og ungdomsorganisasjonar har hatt nedgang i medlemskapstal over tid, men dei siste åra har medlemsorganisasjonane til LNU stige frå 600 til 750 000 medlemmar. Då treng organisasjonane også meir pengar, påpeiker LNU.

– Det er veldig bra at regjeringa vil gi alle born og unge høvet til å delta i meiningsfulle fellesskap. Når fleire vil vere med, treng organisasjonane meir stønad for å gi gode tilbod til born og unge, seier Aanderaa.

Han vonar at barne- og familieminister Lene Vågslid vil halde fram med å jobbe for ung frivilligheit og gi organisasjonane dei rammene dei treng.

– Framtidas demokrati

Aanderaa seier at barne- og ungdomsorganisasjonar har måtta prioritere hardt etter pandemien, og at ein difor er veldig takksame for meir pengar.

– I borne- og ungdomsorganisasjonane finn born og unge vener, fellesskap og trygge stader å høyre til. Det er her vi bygger framtidas demokrati, seier han.

Barne- og familieminister Lene Vågslid trekker fram at løyvinga vil bidra til å fremje demokratiske verdiar, medverknad og engasjement hos born og unge.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane er ein viktig del av sivilsamfunnet, og omfattar eit stort mangfald av organisasjonar som alle bidreg til å inkludere born og unge, seier ho.

I tillegg til den aukte løyvinga på 7 millionar får Aktivitetsstøtta til neste år ein pott på i underkant av 40 millionar kroner. Aktivitetsstøtta er ei ordning som deler ut pengar til prosjekt og aktivitetar retta mot born og unge, med særleg fokus på å inkludere unge med nedsett funksjonsevne. Det er LNU som administrerer støtteordninga. Pengane til aktivitetsstøtta kjem frå formuen til avdøde folk som ikkje har arvingar.