– Framtida til nynorsken må byggjast på tillit

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her kan vi lære av nynorsk språkhistorie

– Danninga og utviklinga av det nynorske språket, er tufta på tillit av språkleg røynsle over heile landet og lit til at norsk språk er eit kulturspråk, sa statssekretæren i Kulturdepartementet til forsamlinga under opningshøgtida ved Dei nynorske festspela i Aasentunet torsdag kveld. I år er «Tillit» tema for festspela. Dette temaet brukte statssekretæren flittig gjennom heile opningstalen sin.

Test deg sjølv: Kva veit du om Ivar Aasen?

Borgundvaag innrømde både ei forståing for at mange opplever tåkeprat frå det offentlege og ikkje minst at politikarar ofte har svært godt av å tenkje gjennom korleis dei snakkar og skriv.

– Norsk språk må seiast å vere heilt naudsynt for tilliten mellom norske styresmakter og folket, sa han og meinte vidare at ein oppnår det motsette av tillit og dialog ved å bruke eit vanskeleg språk utan bakkekontakt.

– Det handlar om å ha tillit til dei vanlege orda og det allmenne. Her kan vi lære av nynorsk språkhistorie og ordlegging, sa statssekretæren til eit auditorium fylt til randa med eit språkinteressert publikum.

LES OGSÅ: Travelt år for festspeldiktaren

– Nynorsken må byggjast på tillit
Borgundvaag minte også om kvifor styresmaktene set krav og kor viktig det er å lovfeste nynorsken også i det offentlege språket.

– Eg vil hevde at framtida til nynorsken må byggjast på tillit. Verkemiddelapparatet som dei fleste av oss er einige om at nynorsken treng, er avhengig av større delar av folket enn berre dei som dagleg nyttar nynorsk. Likeverdet mellom bokmål og nynorsk som opplæringsspråk, og offentleg administrasjonsspråk, er lovfesta. Praktisering av målreglane er i stor grad basert på tillit til at grunnkompetansen i norsk er god og at det er vilje til å ta begge målformene i bruk , minna han om.

Festspela kan skape ny gneiste
– Nynorsken sin undergang har vore varsla fleire gonger, og slike varsel kjem også i dag. Eg vil seie at framtida for eit språk, er ikkje eit spørsmål om kva vi trur, men kva vi vil. – Eg er viss på at dei som er samla her i dag har viljen som trengst, og at desse dagane kan skape ny gneiste for nynorsk språk, avslutta Borgundvaag opningstalen sin med.

Under opningshøgtida blei også mellom anna prisen for Årets nynorskbrukar tildelt Jorunn Veiteberg, og Gunhild Øyehaug, festspeldiktaren 2015, las ein heilt ny tekst. (©NPK)

LES OGSÅ: Respekt og takksemd til Ivas Aasen