– For lite skyting på politihøgskulen

Nyutdanna politifolk har ikkje nok våpentrening, men vert likevel sende ut på væpna oppdrag, skriv NRK.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For lite skyting

Tor-Erik Åsbu leverte nyleg masteroppgåva «Når øving blir røynd» ved Universitetet i Stavanger. I oppgåva har han intervjua nyutdanna politifolk om korleis dei opplever jobbkvardagen.

– Når dei byrjar i jobb, er det forventa at dei skal vera gode noko til å rykkja ut i væpna oppdrag, men det er ein del manglar i opplæringa, seier han til NRK, og legg til at dei nyutdanna òg burde fått betre oppfølging ute i politidistrikta.

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi

– Kan medføra tap av liv
Førsteamanuensis Bjørn Ivar Kruke ved Senter for risikostyring og sammfunnssikkerhet ved Universitetet i Stavanger meiner politifolk manglar trening i å bruka våpen i stressa situasjonar.

– Ein vil kanskje ikkje alltid klara å handtera dei situasjonane ein står overfor optimalt, og det kan jo medføra tap av liv eller skade på uskuldige. Det er ei anna sak å bruka våpen på gatene i Stavanger enn å bruka våpen på ei skytebane, seier han til NRK.

LES OGSÅ: – For få politifolk med innvandrarbakgrunn

Kasta ut i det
I masteroppgåva til Åsbu kjem det fram at nyutdanna i somme tilfelle har vorte sende ut på væpna oppdrag åleine, utan å kjenna seg klare for det.

Påtroppande rektor ved Politihøgskolen Nina Skarpenes meiner på si sida at uteksaminerte politifolk er skikka til å møta kvardagen.

– Me har lagt om mykje av utdanninga dei seinare åra for å få fleire situasjonstreningar, sånn at studentane veit kor tid det er riktig å trekkja våpen, seier ho til NRK. Ho seier likevel at ho kjem til å ta funna til Åsbu til etterretning. (©NPK)

LES OGSÅ: Gir stryk til politistudentar