Fobi forbi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Ei gruppe forskarar ved universitetet i Basel har gjennomført ein studie som viser at hormonet kortisol kan gje raskare resultat i behandling av angstlidingar og fobiar saman med terapi, som til dømes edderkoppfobi eller høgdeskrekk.

– Dette er ikkje ein endeleg studie på området, heller eit «proof of concept», seier professor Dominique de Quervain ved universitet i Basel.

Kortisol er eit naturleg hormon som kroppen produserer for å hindre panikkanfall når den opplever stress eller frykt. Tidlegare forsking har vist at auka kortisolnivå i kroppen kan gjere det lettare å blokkere tidlegare minne og kjensler frå liknande situasjonar.

Virtuell frykt
I studiet leia av de Quervain, deltok førti informantar med høgdeskrekk, der halvparten fekk piller som inneheldt kortisol medan resten fekk placebo. Etter seksti minutt hadde deltakarane time med terapeut, der dei vart utsette for virtuelle høgder; såkalla eksponeringsterapi.

Eksponeringsterapi kan vere ein tøff måte å bli kvitt fobiar på, fordi ein vert utsett for akkurat det ein fryktar mest. Målet er at ein skal lære seg å overvinne frykta, og meistre situasjonen.

– Kanskje vil kortisol korte tida det tek for deltakarene å sjå at stimuliet ikkje er farleg, seier de Quervain.

Merkbar skilnad
I forsøket deltok pasientane i tre terapitimar der ein gradvis gjekk i frå virtuelle høgder, til å stå på trappeavsatsen i tredje etasje. Forskarane observerte kva utslag av frykt deltakarane hadde, i tillegg til oppfylging to gonger i ettertid. Deltakarane svarte då på eit spørjeskjema som forskarane nytta til å måle kva resultat behandlinga gav.

Deltakarane som hadde fått kortisol viste meir framgong i behandlinga enn dei som ikkje hadde fått kortisol. Dette var både i terapitimen, og i etterkant av behandlinga.

– Kortisol vil ikkje kurere fobien på eiga hand, men er meint som supplement til terapien, seier de Quervain.

Pangstart
Det er ikkje enkelt å gjennomføre eksponeringsterapi og forskarane håpar at kortisol kan vere med på å gje pasientar ein god start. Dette kan bety at fleire vil gjennomføre behandlinga.  Bruk av kortisol over lengre tid vil kunne ha bieffektar som endra blodtrykk og auka fare for diabetes.

Målet er difor at det ikkje skal brukast som medisin mot fobiar over lengre tid, men heller som ein «kick-start» på behandlinga.

– Når ein tek det kun tre gongar, og i små dosar slik som i dette studiet, er det usannsynleg at det vil få negative bieffektar, seier de Quervain.

Han ser imidlertid ikkje for seg at kortisol vil verte nytta i behandling mot fobiar i den næraste framtida.

– Dette var det fyrste studiet, og me treng fleire studiar for å sjå det terapeutiske potensialet til kortisol i samband med psykoterapi i behandling av angstlidingar, seier han. 

LES SAKA I UNDER DUSKEN!