– Finanskrisa startar ein ny æra

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den globale økonomiske og finansielle krisa markerer ein gong for alle slutten av dei dårlege gamle dagar, og kan hende starten på eit internasjonalt regime for global økonomisk styring basert på dei høgaste prinsippa og ideala til FN, som suverenitet, likeverd og gjensidig respekt. Istaden ser vi ting som tyder på eit ynskje om ein ny kolonialisme. Vi kan ikkje, vi vil ikkje, akseptere dette, skreiv ambassadør Pisanu Chanvitan på vegne av G77 og Kina til det trettande FN-møtet for handel og utvikling i Qatar nyleg.

Han skriv vidare at diplomati og klar tale er naudsynt for å kome vidare, og at vestlege land ikkje kan diktere utviklingslanda vekk i frå informert slutningstaking.

FN-konferansen for handel og utvikling har dukka opp som ein av dei leiande kritikarane av "finans-leia globalisering", og vil ha ei "utviklings-leia globalisering" som naudsynt politisk alternativ for global økonomisk styring.

FN-konferansen for handel og utvikling er kjend for å ha spådd den økonomiske krisa, og for ikkje å vere redd for å foreslå alternative løysingar til amerikansk utanrikspolitikk.

Innanfor forhandlingane blir det sagt at tyskarane er dei verste motstandarane i EU, og Sveits og USA er dei verste innan den såkalla "JUSSCKANNZ"(sjå faktaboks)

Før dei andre
– Som elles uvennlege kommentatorar har tidvis innrømma, var UNCTAD før dei andre i å åtvara om korleis global finans trakka ned  realøkonomien, både nasjonalt og internasjonalt. Det forutsa den meksikanske tequila-krisa i 1994/5. Det åtvara om Aust-Asiakrisa i 1997 og den argentinske krisa i 2001. Det har konsekvent slått alarm om fara ved overdreven deregulering av finansmarknadane, skriv Kanaga Raja frå tenketanken South Centre

Tidlegare sjefsøkonom i FN-byrået, Yilmaz Akyuz, sa vidare at dei var dei første til å argumentere for gjeldsletting og mekanismar for statsgjeld – problemstillingar som no har vorte viktige for IMF ti år etter.

Viktig rolle
Deborah James, direktør for internasjonale program ved Center for Economic and Policy Research i Washington, DC,  skriv til al-Jazeera at ho er oppteken av det må vere ei alternativ stemme til USA og Vesten i global økonomisk styring og at den europeiske sentralbanken og EU-kommisjonen er imponerande harde tilhengjarar av anti-vekst og ulikskapsforverrande politikk.

– Dei europeiske styresmaktene kan avslutte den sjølvpålagde krisa i morgon om dei engasjerte seg for den same veksten i penge-og finanspolitikken som BRICS (sjå faktaboks) gjorde . Men akk, dette ville hindre elitane i å påleggje strukturelle reformer – som tyder fjerning av det tradisjonelle europeiske sosiale tryggingsnettet – som er det underliggjande målet av innstrammingstiltaka vi ser i dag.

Andre kjelder: Wikipedia.

Les òg: Tende lys for rettferdig handel

Faktaboks

JUSSCKANNZ er eit ikkje-EU utvikla-land catch-all som inkluderer Japan, USA, Sveits,Sør-Korea, Canada, Australia, Noreg og New Zealand.

BRICS er Brasil, Russland, India, China (Kina) og Sør-Afrika.

UNCTAD :FN-konferansen for handel og utvikling, truleg best kjent under forkortinga UNCTAD (frå engelsk: United Nations Conference on Trade and Development), er generalforsamlinga i SN sitt hovudorgan for handels-, investerings- og utviklingsspørsmål. Organisasjonen vart etablert i 1964.
UNCTAD vil «maksimere handels-, investerings- og utviklingsmoglegheitene for utviklingsland og hjelpe dei i innsatsen deira for å integrere seg i verdsøkonomien på ein likeverdig basis».