– Ekstremt å vera ungdom

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 13.01.2019 19:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg ville aldri vore utan den tida, men eg er glad eg er vaksen, for det er mykje lettare.

Heidi Furre sit på ein benk utfor treromsleilegheita på Etterstad i Oslo og tenkjer tilbake på ungdomsskuleåra.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Frå Paris til ungdomsskulen
I byrjinga av mai kjem fotografen, bloggaren og forfattaren frå Stord med den vanskelege andreboka. Etter å ha skrive om ei ung jente som rømmer landet i «Parissyndromet» har den 29-åringen no gått endå lenger attende i tid. Nærare bestemt ungdomsskulen, som òg er tittelen på romanen.

Fordi mange skildrar denne perioden som «den verste tida i livet», tenkte Heidi at det ville vere gøy å hoppe inn i perioden der hormona rasar som verst og heile kroppen er i endring.

Etter å ha sett i gang, fann ho ut at det ikkje var berre, berre for ei nyetablert dame å setje seg inn i hjernen til ein ungdomsskuleelev på 2000-talet.

Medan mor prøvde å setje seg inn i festane som dei tre hovudpersonane gledde seg til, låg Elsa i magen.

LES OGSÅ: – Eg er eigentleg ikkje så glad i ordet syndrom

Regelbunden
Ungdomsskulen møter me Maja og vennene Pelle og Maria. Det er dramatikk på heimebane og endå meir som skjer der ute. Ungdomsskulen er ei vennskapshistorie, om tre ungdommar som trass i kranglar og intriger alltid finn attende til kvarandre – slik ungdomsdrama er.

– Dei er i ein periode i livet der dei både har lyst til å vera barn og vere heime med foreldra og ete pizza på laurdagskvelden, samstundes som dei har lyst til å oppleva eit spanande eventyr, noko meir, som dei enno ikkje har opplevd.

Sjølv kan Heidi hugse ungdomsskulen som ei kjempespanande tid med mykje kontrastar, opp- og nedturar.

– Ein merkar at karusellen går fortare i livet og det skjer mykje spanande ting med gutar og kjærastar. Samstundes kjennest det innestengt. Det er mykje uforløyst spenning. Ein er på ein måte ein vaksen fanga i ein barnsleg situasjon. Ein er ganske stor når ein er 15 år.

Der og då tenkte ho at ho hadde det fint, trass i all usikkerheita og den særeigne bobla, med eigne sosiale reglar. Men ho fann seinare ut at livet er faktisk gøyare etter ungdomsskulen.

– Heldigvis, smilar Heidi.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Ekstreme ungdommar
– Det er ekstremt å vere ungdom. Det er ein ekstrem hormonell periode der kroppen endrar seg meir enn nokon annan gong seinare i livet.

Heidi trur mykje er annleis for dagens 16-åringar. Ho tenkjer tilbake til ei tid då det var dei kule som røyka. Eller var det eigentleg slik? Uansett er kontrasten stor til dagens ungdom, som ifølgje rapportane drikk mindre og er meir oppteken av karakterar.

Men Heidi er ikkje heilt einig med «gamle folk», som seier at ungdom ikkje gjer opprør. Ho meiner ein kan sjå på det å få ekstremt gode karakterar, eller eteforstyrringar, som ekstreme opprør.

Forskjellen er berre at desse opprøra er innoverretta, framfor utoverretta.

– Eg håpar mykje heller Elsa taggar ned eit hus, enn at ho får eteforstyrringar, konkluderer Heidi.

Ho tør nesten ikkje tenkje på korleis verda ser ut når dottera når tenåra, men noko er sikkert:

– Eg kjem til å vere ekstremt gamal i hennar auge. Eg kjem ikkje til å vere kul og ho vil nok ikkje lese dette. Verda ser heilt annleis ut og eg tør ikkje tenkje på Internettet.

LES OGSÅ: Girls: Kvinnefrigjering eller berre syting?

HeidiFurre2
Heidi Furre kosar seg som småbarnsmamma, men det er ikkje alltid like lett å ha ein vaksen samtale med ein baby i nærleiken.

Latterlege rosabloggar
Heidi har blogga sidan ho var 19 år og prisar seg lukkeleg for at ho ikkje har dagboka si på nettet.

Ho er ikkje i tvil om at Internett og den konstant pålogga tilstanden, er en største forskjellen mellom kvardagen til 15-åringar i 2000 og 2016.

– Unge jenter tener masse pengar på blogg og Instagram, likevel vert dei latterleggjort, fordi dei «berre er unge jenter». Det er ingen andre bransjar som genererer så mykje pengar, som er så til dei grader er kvinnedominert. Det vert jo kalla rosabloggar, sjølv om det er proffe damer som jobbar med dette. Eg trur ikkje det hadde vore latterleggjort på same måte om det var karar i 40-åra som dominerte, funderer Heidi.

Men ho tykkjer det er fint å leva i ei tid der jenter – og spesielt unge jenter – har moglegheit til å koma med sitt.

LES OGSÅ: «Å latterleggjera unge jenter er veldig lett og veldig vanleg»

Kvinnelege forfattarar
I 2016 er «kvinnelege forfattarar» framleis eit tema. Det kjem eit hjartesukk over måten kvinner må svare for kjønnet sitt.

– Me snakkar om bøker for jenter, men det er faktisk like mange menn som kontaktar meg og seier dei likte boka mi. Kjønn er ikkje så viktig, så kvifor må me heile tida putte ting i båsar, som jentebøker? Kan ein ikkje sjå på det som universelt, sjølv om det er skriven av ei kvinne, om ei kvinne eller jente? Eg kan lese ei bok om ein mann og forstå det som står.

LES OGSÅ: Razika – Me har framleis ein lang veg å gå

Fittstim på Stord folkebibliotek
Du gjettar det kanskje, men Heidi er uttalt feminist. Det har ho vore sidan ho på ungdomsskulen plukka ut den svenske antologien Fittstim, som ho fann på biblioteket på Stord. Det vart ei vekking.

Heidi trur og håpar at alle eigentleg er feministar, berre dei får høyre kva det dreier seg om: At alle skal ha like moglegheiter og rettar, uansett kjønn.

Ho meiner kampen er langt frå over, og at likeløn er den største utfordringa me står ovanfor i Noreg i dag.

– Eg trur det er mange jenter som kunne hatt godt av å finna feminismen på ungdomsskulen – gutar og for den saks skuld. Eg kan ikkje hugsa at me hadde noko undervisning i det, noko som er rart, sidan det er så viktig og angår 100 prosent av samfunnet. Om eitt kjønn vert avgrensa, påverkar det det andre kjønnet og avgrensar rollene.

Politisk engasjement er ifølgje Heidi det sunnaste opprøret ein kan ha som ung.

LES OGSÅ: Alle svenske 16-åringar får feministbok

Ein god ven
Sjølv om ho prisar seg lukkeleg for at ho vaks opp før Internett, ser ho at dagens unge har mange fleire moglegheiter. Verda vert jo berre betre og det kjem til å gå bra med dei som veks opp no, sjølv om dei vert fordømt av vaksne. Det er 29-åringen overtydd om.

– Så kva er det finaste med ungdomsskuletida?

– Vennskapane. Det er det eg har freista å skildre, svarar Heidi, før ho legg til:

–  Og forhåpentlegvis rekk ein å bli litt ven med seg sjølv. Det er jo det som er vanskeleg når ein har den indre kampen og hormonane rasar.