Éin av ti unge kvinner slår kjærasten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny landsdekkjande studie gjort blant kvinner mellom 20 og 25, publisert i Tidsskrift for Den norske legeforening, viser at 11 prosent av dei slår kjærastane sine.

Av 1.250 kvinner som hadde vore i eit parforhold siste halvåret, sa 114 at dei hadde fika til partnaren i same periode, mens 70 har slått, sparka eller bite. I alt 77 sa at dei var åleine om å utøve vald i forholdet. Det er 6 prosent av dei spurde. Fem prosent av kvinnene svarte at angrepa kom frå begge partar.

Trass i dette viser studien at majoriteten av kvinnene som er valdelege, er godt nøgde med parforholdet. Valden har heller ikkje nemneverdig innverknad på seksuallivet.

– Dette handlar om mindre alvorlege og nokså sjeldne tilfelle av vald, for det meste ørefikar. Det å fike til partnaren har nok dei aller fleste sterke barrierar imot. Studien viser at kvinnene som gjer dette, skil seg markant frå kvinner elles ved at dei viser aggresjonstendensar på ei rad andre område i livet, seier forskaren bak undersøkinga, Hilde Pape ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) til ABC Nyheter.

Studien tyder på at kvinner som utøver partnarvald, generelt sett er meir hissige, sjølv om dei undertrykkjer sinnet i større grad. Dei oppfattar dessutan seg sjølve i større grad som aggressive og svarte at dei var aggressive også i tenåra.

– Dei grovaste formene for vald i parforhold er det likevel som oftast menn som står bak, slår Pape fast. (©NPK)