Ein gyllen sjanse

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Brage Engebretsen (17) har drøymt om å reise til USA på utveksling sidan han gjekk på ungdomsskulen. I august reiste han til Oregon gjennom organisasjonen AFS. Der får han eit pusterom frå skulekvardagen heime i Bergen.

Oppnåeleg
– Eg reiste til USA fordi det er ei gyllen mogelegheit til å lære seg å vere borte frå det ein er vand med, og fordi ein blir kasta rett inn i ein ny kultur. Det er veldig spanande!

Fram til juni neste år skal Brage bu saman med vertsfamilien i St. Helens, ein liten by i nærleiken av Portland i Oregon. Der går han på vanleg high school.

– Med tanke på støtta ein kan få frå Lånekassen er eit slikt år oppnåeleg for dei fleste, uavhengig av økonomisk situasjon, seier utvekslingsstudenten.

LES OGSÅ: Der dyktigheit er meir enn eit tal

Etter året i USA håpar han å få faga sine godkjent, slik at han kan fullføre vidaregåande og gå vidare med studiane.

– Eg prøver å få til å ta dei faga eg må ta, så eg har valt økonomi, engelsk, gym, marknadsføring og leiing, algebra, psykologi og amerikansk historie, fortel han.

Litt meir disiplin
Heime går Brage på studiespesialiserande linje. Sjølv om han kallar året i USA eit pusterom, ligg han ikkje på latsida.

– Eg håpar å bli veldig god i engelsk og få meg vener frå heile verda. Eitt år i utlandet gir også litt perspektiv på livet i Noreg og ein set kanskje meir pris på det vi har heime. Eg håpar i tillegg at eg skal bli litt meir displinert, med tanke på kor mykje strengare skulesystemet er her, fortel Brage.

LES OGSÅ: Til sjansane me tok og minna me fekk

Skulesystemet er òg den største skilnaden frå livet heime i Bergen, ifølgje utvekslingsstudenten.

– Veldig mykje her er bygd opp kring skulen. Då eg spelte fotball heime spelte eg for ein klubb, men her er omtrent all idrett knytt opp mot skulen. Folk er også mykje meir religiøse, men eg legg eigentleg ikkje så mykje merke til det. I tillegg er det jo andre sosiale kodar som gjeld, når det kjem til korleis ein kler seg og oppfører seg, seier han.

Heimlengt og kultursjokk
Brage innrømmer at det ikkje berre er lett å reise på utveksling. Å reise frå kjærasten var kanskje det vanskelegaste.

– Det er sjølvsagt utruleg vanskeleg å reise frå alle heime. I laupet av året får ein jo nokre gongar heimlengt. Då må eg minne meg sjølv på at eg kjem jo heim att etter dette året. For nokre kan språkbarriera vere vanskeleg, men vi frå Noreg er ganske heldige, som har hatt engelskundervisning i mange år. Kultursjokk kan jo nokre òg få, men eg var eigentleg overraska over kor likt USA og Noreg er, i alle fall her i Oregon, fortel Brage.

Les meir om utveksling her!