Dialektprisen til VM-studioet til NRK og TV2

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dialektpris til VM-studio

Kvar haust gir Norsk Målungdom dialektprisen til offentlege personar som gjennom dialektbruken er gode førebilete for unge. Prisen vart først delt ut i 2001, og har sidan den gong etablert seg som ein prestisjetung språkpris.

I år går prisen til NRK og TV2 sitt felles studio under fotball-VM i Brasil.

– VM-studioa synte fram eit rikt dialektmangfald for eit stort publikum. Ved å ha fotballekspertar og -kommentartorar med ulik geografisk bakgrunn sikrar NRK og TV2 at dialektane vert meir synlege også i media. Dette er av umåteleg stor verdi, seier Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skrive på dialekt

Følgjer Tønes og Therese Johaug
I fjor var det musikaren Tønes som vann prisen. Før han var det Harald Rønneberg, og i 2011 gjekk prisen til Therese Johaug. Andre tidlegare vinnarar er Linda Eide og Ravi. VM-studioet stiller seg med andre ord inn i ei god rekke av vinnarar.

– Media skaper eit bilete av kva som er ideala i samfunnet, eit bilete ein vert påverka av, seier Karl Peder Mork.

– Å gje prisen til VM-studioa er å løfte fram dialektal variasjon som ein del av dette biletet. Det handlar om å vise i praksis at dialekten din kan brukast til kva som helst, at han er akkurat like mykje verd som alle andre dialektar. Det å få sjå og høyre sitt eige mål i andre samanhengar enn den lokale, er ofte det som gjer oss stolte, seier Mork vidare om kvifor prisen gjekk til akkurat VM-studioet.

LES OGSÅ: Dette er Noregs verste dialekt

– Me tek alle dei forskjellege dialektane naturleg
Rune Haug tok imot prisen for NRK, og Julie Strømsvåg tok imot prisen for TV2.

– Då NRK og TV2 gjekk saman blei det berre endå fleire dialektar i sendinga, sa Julie Strømsvåg då ho fekk prisen.

Rune Haug fortalde at dialektane ikkje var viktige i utvalet av programleiarar. Det trur han er ein god ting.

– Eg tenkte ikkje på dialektane i det heile. Det trur eg er ein bra ting, at me tek alle dei ulike dialektane så naturleg, sa han.

LES OGSÅ: Kanelbollar, finsk språkrefs og bokmålsbrukarens manglande sjølvtillit