Derfor blir du forkjølt i kulda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane har for lengst funne ut at rhinoviruset, det vanlegaste av forkjølingsvirusa, formeirar seg lettare i nasehola enn i dei varmare lungene. Men dei var på villspor når dei tenkte at viruset rett og slett ikkje tolte kroppstemperaturen vår, men må ha det litt kjøligare for å reprodusere seg.

LES OGSÅ: Difor er vi så ulike i trynet

I staden ser det ut til å vere immunreaksjonen vår som blir svekt når temperaturen fell, viser ein studie som er gjort ved Yale-universitetet i Connecticut i USA. Immunsystemet nedkjempar virusa mykje meir effektivt i lungene, der temperaturen er 37 grader, enn i nasehola, der temperaturen kan vere fleire grader lågare når det er kaldt i lufta, skriv nettavisa Science Daily.

– Vi fann at den medfødde immunreaksjonen på rhinoviruset blir svekt når temperaturen er lågare enn normal kroppstemperatur. Og heilt generelt ser det ut til at di lågare temperaturen blir, di svakare blir òg immunreaksjonen, seier professor Akiko Iwasaki, ein av forskarane bak studien.

Han og kollegaene hans håper i neste omgang at dei kan finne ut kva rolle immunsystemet speler hos barn som får forkjølingsastma. (©NPK)

LES OGSÅ: Forsking: Derfor blir du avhengig av Harry Potter