Den mørke sida av ullindustrien

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje sjølve ulla, men måten det vert produsert på som er problemet. Ull er big buisness. Det er ikkje søtt og norske småbønder. Det er ein industri. Og det er ikkje ein heilt rein industri, seier Lars Ankervold.

25-åringen frå Stord har laga filmen Sviket mot sauen, som er valt ut til Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda med premiere torsdag 27. april.

Avslproblematikk
Filmen set søkjelys på dyrevelferd i ullindustrien, nærare bestemt i merinoullbransjen.

Denne sauerasen er vorte avla opp til å få store hudfaldar på kroppen slik at kvar enkelt sau kan produsere mest mogleg av den populære merinoulla. På bakdelen legg det seg ofte avføring i hudfaldane, noko som kan føra til eit flogelarveangrep.

Under eit slikt angrep legg flogene egg i bakparten på sauen og larvane et seg gjennom kjøtet. Angrepet er både smertefullt og potensielt dødeleg for sauen. For å førebyggja dette skjer ein av hudfoldar rundt sauens haleparti, eit inngrep som kallast mulesing.

– Dette er eit menneskeskapt problem. Det er me som har avla fram sauer med desse hudfaldane og det er me som utset sauene for denne driten for å prøva å fiksa opp i det, seier Ankervold oppgitt.  

Inngrepet mulesing er svært utbreidd i Australia, eitt av landa som norske produsentar importerer ull frå. Skjermdump: «Sviket mot sauen»

På veg nedover
Mulesing er ein omdiskutert praksis som først og fremst er utbreidd i Australia og New Zealand, der flogelarvar har vore eit problem sidan gullfloga (Lucilia cuprina) vart introdusert ved eit uhell tidleg på 1900-talet. Flogene trivst endå betre i det australske klimaet, enn på New Zealand.

Den australske veterinærforeininga kallar flogelarveangrep eit alvorleg dyrevelferdsproblem og anbefalar å bruka ikkje-kirurgiske metodar for å førebyggja problemet. Om mulesing må utførast anbefalar dei at lamma får smertestillande og at operasjonen vert utført av kvalifisert personale.

Både den australske og den newzealandske ullindustrien har gått inn for å fasa ut praksisen innan 2010.

I fjor kunne The Weekly Times rapportera om at talet på sau som vert utsett for mulesing utan noka form for bedøving har gått ned frå 77 prosent i 2010/2011 til 56,5 prosent sesongen 2015/2016.

Industrien jobbar også med å avle fram sauar utan store hudfaldar. I mellomtida er alternativa insektmiddel, injeksjonar som fjerner rynker og behandling med flytande nitrogen eller laser. Forskarar jobbar òg med å kartleggja genene til floga for å finna førebyggjande og målretta tiltak.

Anders Fortun er Noregs største produsent av merinoull, men er milevis unna å forsyna den norske marknaden med ull. Skjermdump: «Sviket mot sauen»

Naive forbrukarar
I Noreg er me langt frå sjølvforsynte med ull. Me har lite av den populære merinulla og norske produsentar er difor avhengige av import frå store ullnasjonar som Australia. Det betyr at ull frå sauer som vert utsette for mulesing kan enda opp i norske produkt. Ankervold meiner mange forbrukarar er naive når dei går ut ifrå at ulla dei kjøper er norskprodusert, ei felle han òg har gått i.

– Me ser på ull som urnorsk. Me tenkjer på vikingar som kledde seg i ull, men så er det ikkje litt norsk ein gong, seier 25-åringen.

I filmen trekk han fram merkevarene til Therese Johaug, Bjørn Dæhlie og Kari Traa, som alle er eigd av Active Brands. I 2016 hadde selskapet hadde ei omsetting på 877 millionar kroner.

Norske klesprodusentar importerer hovudsakleg merinoull frå Australia, New Zealand og Sør-Afrika. Mulesing er først og fremst utbreidd i Australia og New Zealand.

Med filmen håpar Ankervold å gjera forbrukarane medvitne på kor omfattande problemet med dyrevelferd i merinoullindustrien faktisk er. Han meiner det er viktig som forbrukar å vere medviten og spørja kvar produkta kjem frå.

Han understrekar at norske produsentar som sel og designar klede ikkje vil ha ull frå mishandla sauer.

– Dei vil ikkje ha ull frå sauer utsett for mulesing i produkta sine, men dei kan ikkje garantera at det ikkje er det. Eg har ikkje bevist at det er mulesing i norske produkt, men eg har vist at det er stort sannsyn for det. Slik eg opplever det er det ein bransje ute av kontroll, eller med mangel på kontroll – dessverre, understrekar Ankervold.

Økonomi over dyrevelferd
Ein av bidragsytarane i filmen er Susanna Lybæk i Dyrevernalliansen.

– Etter det me kjenner til er det ingen som har oversikt. Me kan difor seia at det er høg sannsynlegheit for at det er merinoull frå sauar som har vore utsett for mulesing i butikkar i Noreg, seier Lybæk.

Organisasjonen etterlyser difor ei tredjepartsertifisering og merkeordning, slik at det vert lettare for forbrukarane å veta kva forhold ulla er produsert under.

– Dette er ein veldig ille praksis for sauen, som vert utsett for sterk liding. Det finst andre måtar å løyse parasittproblemet på, men her handlar det om at lønsam produksjon trumfar dyrevelferd – noko som er heilt uakseptabelt, understrekar Lybæk.

Ho meiner løysinga på problemet er at norske merkevarer tek ansvar for å sjekka leverandørane og at bøndene satsar på avl av sauar, som ikkje har desse hudfaldande.

Norsk merking
Sist «ullår» leverte norske sauer 4.260 tonn ull. Berre 20 prosent blei verande i Noreg. Det synest Ankervold er altfor lite.

– Det er mange som meiner at norsk ull ikkje passar til å ha tett på kroppen fordi det klør, men så er det andre som seier me godt kunne brukt meir av ressursane våre, men det er dyrt.

I 2015 starta Norges Husflidslag-prosjektet Ullialt, som freistar å auke produksjonen av heilnorsk ullgarn. Tidlegare denne månaden skreiv Framtida.no om at Husfliden ynskjer ei eiga merkeordning for norsk garn.

Dette meiner Ankervold er ein god idé, og trur at ei tilsvarande merking av norske ullklede vil gjera bransjen meir gjennomsiktig.

– Då vert det vert vanskeleg å reklamera med norske flagg og norske verdiar – utan at det er eit norsk produkt, avsluttar han.

LES OGSÅ: Mali (23) haika åleine gjennom Europa – og laga dokumentarfilm

Faktaboks

Mulesing er kirurgisk fjerning av hudstykke rundt halepartiet på sauen for å hindra flogelarveangrep.