Delingsøkonomi deler samfunnet. Styresmaktene heng etter.

– Frampeik til kva me får i Noreg, meiner det norske generalkonsulatet i San Francisco.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Generalkonsulatet i San Francisco har skrive rapporten «Delingsøkonomi – sett fra stormens øye» om korleis dei ser utviklinga av delingsøkonomien i California. Rapporten har dei sendt til norske departement som kanskje kan trenga innspel om delingsøkonomi.

Konsulatet skriv i rapporten at dei reknar arbeidet med å regulera delingsøkonomien i California som nybrotsarbeid, og det er difor frampeik på kva me kan venta oss i Noreg.

Den teknologiske utviklinga går kjappare enn styresmaktene greier å følgja etter med reguleringar, meiner konsulatet. Men dei skriv òg at tidlege reguleringar greier å styra utviklinga.

Selskapa arbeider både juridisk og politisk for å endra politikken og samfunnet, og med dei store ressursane selskapa har kan me venta oss mange kampar framover. Uber er verdsett til 62 milliardar dollar, 10 milliardar meir enn Statoil.

Eitt døme på korleis styresmaktene prøver å halda følgje finn ein i nokre amerikanske byar der overnattingsselskapet må Airbnb betala hotellskatt, og i nokre er selskapet heilt forbode.

Meir breidde enn drosjar
Konsulatet peikar på utfordringar som at transportselskap som Uber og Lyft ikkje har køyretidsgrenser, ingen krav til universell utforming, ikkje arbeidsgjevaransvar, og andre typar reguleringar. Men at dei på den andre sida gjev raskare og billegare drosjetenester, samstundes som sjåførane er ei langt meir heterogen gruppe enn dei med drosjeløyve er.

I byar som New York, Chicago og Portland går ein mykje større del av Uber-turane til ytre bydelar, belasta nabolag og kollektivknutepunkt enn med vanlege drosjeturar.

Eit stor utfordring med transportselskapa er at når dei får liten nok konkurranse kan dei skru opp prisane slik dei vil. Konsulatet ser no ein trend med at sjåførane får mindre og mindre del av pengane turane kostar.

Finansdepartementet sette i vår ned eit utval som skal greia ut korleis delingsøkonomien kan gje meir effektiv ressursbruk i Noreg. Dei har frist til 1. februar å leggja fram si innstilling. (©NPK)

Les meir:

Appen GodtPrestert skal bli AirBnB for dei som slit med leksene

Korleis påverkar dine vaner klimaet? Denne appen skal få oss til å konkurrere om å spare mest CO2.