– Bør ha «Noreg» på ryggen

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I erklæringa «Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret», tek Noregs mållag og Nynorsk kultursentrum til orde for bruk av både Norge og Noreg på norske landsdrakter. Erklæringa er lansert i høve 200-årsdagen for Ivar Aasen, og eitt av dei 21 punkta omhandlar meir bruk av nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett. 

Her heiter det at dei vil stimulere til bruk av både nynorsk og bokmål ved alle større internasjonale idrettsarrangement i Noreg, og til at begge landsnamna blir brukte på drakter ved deltaking i utlandet.

Sterk symbolkraft
Fotballpresident Yngve Hallén kjem frå Sogndal, og er sjølv nynorskbrukar. På spørsmålet om kva han tykkjer om Noreg på draktene på fotballandslaget, peikar han på at spørsmålet bør drøftast av idretten i fellesskap.

– Eg ser at det kan ha sterk symbolkraft, spesielt på ein dag som dette, seier han. Og legg til at det ved deltaking i utlandet ikkje er uvanleg at ingen av målformene vert brukt.

– Då står det gjerne Norway på spelarane. Ein kan tenkje seg løysingar med valfridom for spelarane når ein bruker norsk målform. Men eg meiner det er fornuftig at idretten drøftar dette i fellesskap, avsluttar fotballpresidenten.

LES OGSÅ: Fotballbøker gav betre ordforråd

Flagget
Norges idrettsforbund har ansvar for Noregs deltaking i OL. Ansvaret for VM og annan internasjonal deltaking ligg hjå særforbunda. Kommunikasjonssjef i Norges idrettsforbund, Per Tøie, forklarar at spørsmålet om bruk av Noreg på draktene til no ikkje har vore oppe i Idrettsstyret, som er idrettens øvste mynde mellom idrettstinga.

– Idrettsutøvarane representerer fyrst og fremst landet sitt. Dei er mest opptekne av flagget på brystet. Norge vert også oppfatta som eit offisielt namn på landet vårt utanlands. Men dette spørsmålet må fyrst og fremst overlatast til særforbunda. Eg føler likevel det er noko kunstig å gjere dette til ein viktig språksak.

På passa våre står det både «Norge» og «Noreg», kunne ikkje det vore eit alternativ?
– Det må i så fall opp i Idrettstyret, og det er ikkje utenkjeleg at spørsmålet om målform på draktene kjem opp der. Ved eventuell valfridom for idrettsutøvarane kan det kanskje verte vanskeleg for nokon å forstå kva det eigentleg står, til dømes ved innmarsj. Så då måtte kanskje alle nytta «Noreg», men dette vert reint hypotetisk og vert også eventuell styresak.  

At det står Norway på draktene har han derimot liten sans for.

– Internasjonalt kan det argumenterast med at det er noko alle forstår. Men personleg tykkjer eg det er feil.

LES OGSÅ: – Nynorsken treng å bli løfta politisk

Forbetringspotensiale
Tøie peikar på at Norges idrettsforbund er opptekne av å spegle samfunnet rundt seg, og at idrettskrinsane som ligg i nynorskområde gjerne nyttar målforma. 

Han understrekar også at organisasjonen oppmodar idrettsutøvarane sjølve til bruk av eigen målform i sin kommunikasjon. Og at dette er eit minst like viktig signal.

– Sjølv om vi ikkje er ein språkpolitisk aktør, kan vi sikkert verte flinkare til å oppmode til nynorskbruk.

LES OGSÅ: Tek oppgjer med lagidretten

Kva meiner du om forslaget?