Blir tidenes yngste statsråd

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hadia Tajik (29) blei utnemnd til ny kulturminister i statsråd på Slottet i dag. Ho blir dermed den yngste ved Kongen sitt bord nokonsinne. Sjefen hennar, Jens Stoltenberg, var 34 år då han blei minister første gong.

Hadia Tajik er utdanna journalist og jurist, og kjem frå Strand i Rogaland. Ho har tidlegare vore politisk rådgjevar ved statsministerens kontor, som den yngste nokon gong. I 2009 blei ho valt inn på Stortinget frå Oslo. Hadia Tajik er aktiv på sosiale medium. Då sidemålsbråket byrja 24. januar i år, då Kristin Halvorsen sa at det var urealistisk å krevja at elevar var like gode i hovud- og sidemål, byrja Hadia Tajik å skriva på nynorsk på Twitter, og har stort sett gjort det sidan.

Leiar i AUF, Eskil Pedersen, er ein av dei som møtte opp på Slottsplassen for å gratulera den nye ministeren.

– Hadia stiller alltid opp for AUF og kjem til å vera ein stor ressurs i regjeringa og departementet, seier han i ei pressemelding.

– Eg synst det er spesielt flott at me har ei regjering som viser vilje til å fornya seg sjølv og politikken sin, og gjennom valet av Hadia Tajik som ny kulturminister blir befolkninga i Noreg spegla på ein endå betre måte, legg Pedersen til.

Tajik er den andre kulturministeren nokon gong frå Vestlandet. Foreldra hennar er frå Pakistan. 

Stoltenberg gjer òg fleire andre omrokkeringar i regjeringa:

• Jonas Gahr Støre blir ny helseminister.
• Anne-Grete Strøm-Erichsen går frå Helsedepartementet over til å bli forsvarsminister.
• Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm går ut av regjeringa, og Anniken Huitfeldt blir ny arbeidsminister.
• Espen Barth Eide går frå forsvarsminister til utanriksminister.

Intervju: Korleis vart du du, Hadia Tajik?

Sjå òg denne videoen der Hadia Tajik fortel om bakgrunnen sin: