Blir like fin utan vin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For mange studentar  er det utenkelig, men Ida Torkjellsdatter Storehaug og Kasper Vagle har take utfordringa: Gjennom bloggprosjektet «Nattens helter» skal dei to studentane halde seg unna alkohol i tre månader.

 – Prosjektet skal vise at det er greitt å seie nei. Det skal ikkje vera toleranse for grøftefyll i studentmiljøet, og prosjektet kan vera med på å motverke dette, seier Storehaug, historiestudent ved Universitet i Bergen (UiB).  

Det er World Wide Narrative som står bak prosjektet. Medarbeidar Merete Grimeland fortel at formålet er å prate om drikkekultur og sosialt drikkepress. Kvar veke får deltakarane ei utfodring, som å delta på semesterstart og samanlikne med fjorårets opplevingar.

 – Studentbloggarane skal finne bodskapet på eigne premissar. De skal skrive om prosjektet og kva situasjonar ein kjem opp i, forklarar Grimeland.  

LES OGSÅ:  Drikk mest, studerer minst

Sparer pengar
Studentane får betalt for å delta i prosjektet, og Grimeland legg til at det er spanande å sjå kor viktig pengar vert på sikt. Begge studentane har merka dei økonomiske fordelane ved å halde seg borte frå alkohol.

 – Då eg var ute her om dagen brukte eg bare 49 kroner på ein Munkholm. Før brukte eg rundt 2000 kroner på alkohol i månaden, erkjennar Vagle, som til dagleg studerar ved Norges Handelshøyskole (NHH).

Storehaug delar dette synetm, og forklarar at ho nesten ikkje har brukt ei krone på byen frå prosjektet starta.

 – Før brukte eg rundt 800 kroner i måneden på alkohol, medgjev Storehaug.  

LES OGSÅ: Fyll og dur framfor kultur

Framleis sosial
Sidan prosjektet starta for knappe to veker sidan har begge bergensdeltakarane opplevd mye edru uteliv. Storehaug dansa blandt anna til coverlåtar på konserten til Fagernes Yacht Clubs på Kvarteret førre helg.

 – Ei venninne snudde seg og ropte til meg: «Du er så flink til å vera edru Ida!» Det er det finaste komplimentet eg har fått, seier ho og smiler. I byrjinga var Storehaug likevel redd for at ein edru tilstand skulle vera kjeisamt. 

– Eg går like mykje ut nå og eg går heim like seint som eg alltid har gjort, men det er litt kjedelegare enn når ein drikk. Ein vert fortare sliten og ein lyt jobbe mykje for å kome i glardstemning, seier Storehaug.

Vagle planlegger å feste hardt, trass faktum at han ikkje skla drikke. For han er det viktig å prove at ham framleis kan vera ein pådrivar for ein god fest. 
– Angrep er det beste forsvar. Det har vore meir festpress enn drikkepress til no, forklarer han.

LES OGSÅ: Ungdom drikk mindre

Gjer venene medvetne
Prosjektet påverkar ikkje berre deltakarane sjølve. Også venninne Klara Wade merkar eit taktskifte hos Storehaug:

 – Ho er litt meir alvorleg enn før prosjektet, og eg trur vi andre tenkjer litt meir over kor mykje og kor ofte vi drikk, når det er ei i rommet som har det kritiske blikket. Ein vert meir medveten kring måtehald, fortel Wade.  

Vagle har og inspirert andre, men venen Kachun Lay var ikke oppglødd for ideen, då han fekk høre kva NHH-studenten hadde sagt ja til.
– Eg sa på tull at eg skulle presse han til å drikke kvar kveld, men etter kvart tenkte eg at det er betre å støtte han. Når eg ser kor godt Kasper klarar seg utan å drikke blir eg imponert. Eeg kunne tenke meg å prøve noko liknande sjølv, seier Lay.  

Både Storehaug og Vagle vonar å minimere alkoholinntaket etter at prosjektet er ferdig:

– Det er ein forskjell på å drikke av de ein har det hyggeleg mot å drikke for å ha det hyggeleg, seier Storehaug.

– Dette prosjektet har allereie lært meg at dei som drikk med måte også har det artig. Eg har endå ikkje følt så mykje på å vera han som ikkje drikk, avsluttar Vagle. 

Les saka i Studvest!(På bokmål)

Faktaboks

Nattens helter

– Prosjekt starta av World Wide Narrative, som er ein kreativ lab for samfunnsinnovasjon.

– Deltakarane i prosjketet er fire studentar frå Oslo og Bergen.

– Studentane skal vera edru i tre månadar og skrive ein blogg om opplevingane sine.

– Deltakrane får løn tilsvarande ein deltidsjobb.