Banning fungerer ikkje lenger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Banneord har florert i alle kulturar, til alle tider. 

Men banneord er ikkje lenger banneord viss ingen løftar på augebryna av dei, og det er dette som er i ferd med å skje i dagens samfunn, meiner ein annan språkforskar, Ruth E. Vatvedt Fjeld.

Banning utan effekt?
Fjeld meiner at fordi banning er normalt og akseptert i media, så smittar denne aksepten over på folk flest. 

– Det skjer ei avtabuisering. Media fungerer som eit ideal, når banning er akseptabelt å bruka der, smittar det også over på andre, seier Vatvedt Fjeld til NRK.

Bakgrunnen for uttalen er lærarar i Jølster som reagerer på at elevane bannar dei rett opp i ansiktet.

Religiøs banning i Noreg
Generelt kan ein seie at banneord oftast er knytt til tre hovudområde som er tabu i mange kulturar: religion, sex og avføring. 
Banning og negative kraftuttrykk har også ein tendens til å skildre stigmatiserte minoritetar og svake grupper i samfunnet, slik som homofile, samar, "mongoloide" eller "idiotar", til dømes. 

 

I boka Banning i norsk, svensk og 18 andre språk (1987) forklarar språkforskaren Tor Erik Jenstad at «Norsk banning gjør i overveiende grad bruk av ord fra den religiøse sfære. (…) Seksuell ordbruk er det lite av i norsk banning, selv om de folkelige seksuelle termene naturligvis er tabuord.», står det å lese i Språkrådet sin artikkel om temaet.

Folk flest bannar meir
Språkforskaren meiner det ikkje berre er ungdomane som bannar meir, men også folk flest.

– Det er ei generell haldning i samfunnet. Det er ikkje noko som er spesielt for ungdommane. Me reagerer annleis på ord som tidlegare var tabu, seier ho.

Ho meiner det er vanskeleg å få folk til å slutta å banna når bannord ikkje lenger er tabu.

– Når eit ord ikkje lenger er tabu, så er det jo heller ikkje å rekna som banning, seier Fjeld.
 

Kva meiner du? Fungerer ikkje banneorda slik dei skal lenger?