Atlanteren krympar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Europa og Amerika kan smelta saman

Ein nyoppdaga sprekk i jordskorpa på havbotnen utanfor kysten av Portugal tyder på at Nord-Amerika og Europa igjen kan smelte saman til eitt kontinent om rundt 220 millionar år, viser ny forsking.

Forskarane har oppdaga det dei trur er starten på ei ny subduksjonssone utanfor Iberiahalvøya, rundt 20 mil av sørvestkysten av Portugal. Subduksjon oppstår når ei jordplate blir pressa under ei anna og dannar ei forkasting. Sprekken er nærmare 30 mil lang.

Subduksjonssona er i realiteten ein ny sprekk i den eurasiske jordplata, som stekkjer seg over heile Europa og mesteparten av Asia.

– Den eurasiske plata er i ferd med å knekke i to. Subduksjonen er likevel enno ikkje fullt utvikla, men meir på kimestadiet, seier hovudforfattaren bak studien, João Duarte, til magasinet National Geographic.

– Til sist kjem Nord-Amerika og Iberia igjen til å møtest, og kollisjonen mellom jordplatene kjem til å skape nye fjellkjeder som Himalaya, seier Duarte.

Geologane trur også at Middelhavet kan komme til å forsvinne, og at det afrikanske kontinentet kjem til å smelte saman med det europeiske. Alle verdskontinenta kan til slutt igjen bli til eitt kontinent, ikkje ulikt Pangea, det eine verdskontinentet som var landjorda for rundt 200 millionar år sidan.

Den nye studien er publisert i tidsskriftet Geology. (©NPK)